Det held ikkje å ha kommunar som berre er opptekne av å utføre lovpålagte oppgåver. Uansett kor ein snur og vender på det vil det å utvikle eksisterande arbeidsplassar, samt legge grunnlag for utvikling av nye arbeidsplassar vere avgjerande for verdiskapinga og busetjinga i dei nye kommunane.
Landbruket er ei stor næring i mange av dei nye kommunane. Sunnfjord, til dømes, vil verte ein av dei største landbrukskommunar i landet når det gjeld husdyrproduksjon. Det er viktig at ein klarar å få sett saman oppegåande administrative einingar på landbruk i kommunane. Einingar som gjennom sin kompetanse ikkje fokuserer berre på lover og reglar, men som har kunnskap og engasjement for å utvikle landbruket. Det held ikkje å bevare det landbruket vi har i dag, ein treng utvikling for å sikre verdiskapinga inn i framtida. Utviklinga skjer ikkje av seg sjølv og kommunane bør sjå ansvaret dei har for å sikre framtidig verdiskaping. Gjerne ein landbrukssjef i kvar kommune med humør, pågangsmot, kunnskap og handlekraft
Sjølvsagt handlar det om løyvd økonomi til kommunane og nasjonale prioriteringar, men det handlar også om administrativ og politisk vilje lokalt.
Vi har tru på at fellesnemndene, som arbeider med å legge det politiske og administrative grunnlaget for dei nye kommunane, klarar å sjå kor viktig utviklingskompetansen vil vere for den einskilde kommune, når det gjeld landbruk og andre næringar.