Diskusjonen går høgt om namnevalet for det nye storfylket Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkespolitikarane går for namnet Vestlandet fylkeskommune, noko vi meiner er totalt meiningslaust og fantasilaust. Valet av Vestlandet som namn på halve Vestlandet er feil.

Då gløymer ein fort at også sunnmøringar og folk på Jæren er like mykje vestlendingar, som oss midt i her i vest. Protestane har også vore store frå Møre og Romsdal i nord og Rogaland i sør.

Fleire har kalla det eit for «frekt namneran», og vi forstår kritikken. Valet av namnet Vestlandet er kontroversielt fordi storfylket berre omfattar to av fire vestlandsfylke, og berre litt under halvparten av dei som bur på Vestlandet.

Mange føler ein vert frårøva både namn og identitet. Vestlandet er ein landsdel, på lik linje med Sørlandet, Austlandet og Nord-Norge.

Det nye fylket bør heite Bjørgvin. Det historiske namnet gir også meir tyngde. Vi har allereie Bjørgvin bispedøme for kyrkjelydane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Eit anna alternativ kan vere Fjordaland, som ei god blanding av begge fylka, samtidig som det skildrar tydeleg at vi snakkar om ein stad i vest med mange fjordar. Spørsmålet er om Tine med sitt matmerke Fjordland vil reagere ...

Vedtaket om Vestlandet fylkeskommune bør i alle fall gjerast om, om ikkje har prosessen med å skape ein større region her i vest eit dårleg utgangspunkt.