I byrjinga av februar 2017 blei «dynamiske fareskilt for hjort» sett i drift på 3 strekningar der det lenge har vore mykje påkøyringar av hjort. Fram til utgongen av mai har det berre blitt registrert 1 påkøyring på desse strekningane. For same perioden i 2016 var det til samanlikning registrert i alt 11 påkøyringar på dei same strekningane.

Den eine påkøyringa var på Alværa like etter at skiltet hadde slått seg av morgonen 22.03.

Til kvar av dei skilta strekningane er det knytt ei kontrollstrekning. Dette for å kunne sjå om det totalt sett er endringar i talet påkøyringar utifrå bestandsmessige endringar eller andre tilhøve. Dette er strekningar i nærleiken der det og har vore mykje påkøyringar. På kontrollstrekningane var det for perioden i 2016 registrert 7 påkøyringar medan det i 2017 vart registrert 9 påkøyringar. Talet påkøyringar kan variere  litt for ulike periodar  for dei ulike strekningane. Men sett samla for eit litt større område er det vanlegvis nokså stabilt . For dei 3 kommunane med skiltstrekningar er det totalt registrert færre påkøyringar i denne perioden samanlikna med føregåande år.   Ved å samanlikne med kontrollstrekningane og  alle registrerte påkøyringar i dei kommunane ein har skiltstrekningar kan det ikkje sjå ut som om det er ein generell nedgong. Den nedgongen som har vore  tilsvarar nedgongen ein har hatt på skiltstrekningane.

Dette er førebelse tal og for eit kort tidsrom, men det ser ut som om skilta har hatt positiv effekt. Det vil no kome opp slike skilt på 4 nye strekningar i Sogn og Fjordane,  2 i Nordfjord (Naustdal i Eid og Kyrkjeeide i Stryn) og 2 i Sogn (Valeberg i Sogndal og Eriflata i Lærdal). Det vil då i alt vere 7 strekningar med ei stor geografisk spreiing og dermed betre føresetnad for å kunne måle effekten av skilta.

Dynamiske hjorteskilt er fareskilt med to varsellys over som blinkar vekselvis. Vekselblinkarane vert styrt av ein datamodell basert på statistikk over tidlegare påkøyringar og vert slegne av og på via SMS frå ein dataservar. Skilta er utstyrt med solcellepanel som står føre straumforsyninga.