Er påstanden om at hjortestammen er så urimeleg stor ein dokumentert realitet? Eller er påstanden berre ein merkeleg myte støtta verbalt mellom andre av Norsk Hjortesenter (NHS) på Svanøy i Sunnfjord? Eg forstår det slik at det som ligg til grunn for konklusjonen til NHS om hjortestammen sin storleik, byggjer på resultata etter dei såkalla «vårteljingane» av hjort, og «sett-hjort-observasjonane» under jakta. Men korleis er det med teljarane og talhandsamarane, er dei habile i juridisk forstand? Det må vurderast og dokumenterast! For habile må teljarane og rådgjevarane vere. Det er gjeldande norsk lov!

Habilitet

Du er eit tvert igjennom ærleg og påliteleg menneske. Du er ingen kriminell eller korrupt person som medvite kjem med feil opplysningar og påverkar saker til eigen fordel. Likevel kan det dukke opp situasjonar der du er inhabil og ikkje kan brukast som kjelde eller vitne. Rettsstaten har strenge reglar om dette. Habilitet er eit ufråvikeleg krav i all norsk forvaltning. Sjå Forvaltningslova av 10. oktober 1967. Lova ligg på nettet, og bør lesast grundig av alle, også av folk som er i hjortedyr-rådgjevinga. Ein artikkel som i lang tid har vore publisert på NHS sine nettsider, forfatta av Johan Trygve Solheim, har som utgangspunkt at hjortestammen er uansvarleg høg. Dette meiner artikkelforfattaren er påliteleg dokumentert ved dei systematiske vårteljingane av hjort, og ved «sett-hjort-opplysningane» som jegerane pliktar å levere inn. Men er alle dei som utfører desse teljingane vurderte som habile til å utføre dette arbeidet? Ligg det føre habilitetsvurderingar av den einskilde teljaren og den einskilde sakshandsamaren ? Er desse habilitetsvurderingane i tilfelle utført av kompetent instans ? Vi legg merke til at nettsidene til NHS ikkje har linkar som fører oss til namn og adresse til dei som utfører vårteljingsarbeidet. Vi finn heller ikkje opplysningar om at forvaltninga har utvikla eit spesielt skjema som teljarkandidaten må fylle ut og levere inn slik at kompetent organ kan vurdere om kandidaten er habil i høve til å vere med som dyreteljar og/eller viltrådgjevar.

Kven er klårt inhabile?

Er ho eller han som har vore med som teljarar utan økonomisk, sportsleg, sosial eller anna personleg interesse av resultatet, og er dei utan nære relasjonar til personar som har slike interesser? I så fall er dei habile. I motsett fall er dei inhabile eller ugilde, og kan ikkje brukast. Det som verre er, er at dersom ugilde personar har medverka i tidlegare teljingsarbeid, er også dei innsamla og nyttta tala infiserte og ubrukande. Konklusjonar som kviler på desse tala er verdlause. Eg nemner nedanfor nokre grupper som fylkeskommunen bør vurdere når det gjeld habilitet i hjorteteljinga.

Dersom ein eller fleire teljarar, eller personar som seinare skal behandle det innsamla talmaterialet, på førehand ikkje er vurderte som brukande av habile juristar i fylkeskommunen, er det innsamla talmaterialet ikkje brukbart, og konklusjonar som viser til det tvilsame materialet utan verdi. Dersom rådgjevarane i viltspørsmål ikkje kjenner til habilitetskravet og forvaltningslova, og heller ikkje til allmenne føresetnader for forskning, er dei same rådgjevarane ikkje brukbare i rolla som dei har teke på seg eller er utpeika til. Dei bør sjå seg om ettter noko anna å fordrive tida med. Fylkeskommunen bør ordne opp i dette straks.

Bonden, hageeigaren og skogeigaren

Mange av oss bønder har innmark der avlinga kvart år blir skada av hjort. Hjort gjer også stor skade på oppsette utmarksgjerde, i hagar, på kyrkjegardar og på ung skog. Dette fører til betydelege økonomiske tap for eigaren. Personar med avlingsskadar/hageskadar/skogsskadar har såleis økonomisk interesse av at hjortestammen er så liten som mogleg i verkelegheita, men så stor som mogleg på papiret. Mange dyr på papiret gjev mange fellingsløyve.

Ein del bønder leiger bort jaktrettar. Dei tener meir dess fleire løyve dei kan leige bort. Dei har klare økonomiske interesser av at det blir rapportert om mange hjortedyr.

Hjortejegeren

Det «kostar flesk» å drive hjortejakt. Jegeren har utgifter i samband med kjøp av våpen, jaktkikkert, jaktklede og jaktradio. Jegeren må også ordne med vedlikehald og tilkjøp til dette utstyret. Er ikkje jegeren grunneigar, må han betale ein grunneigar for å få løyve til å gå på hjortejakt. I tillegg kjem utgifter som teoretisk jegerkurs, årleg praktisk skyteprøve som går over minst to ulike dagar, medlemskap i skyttarlag, fellingsavgift, jegeravgift og andre jaktrelaterte avgifter, traktorbruk, ettersøkshund, bilutgifter, overnatting, ammunisjon til øving, jaktprøve og jakt. I sum er utgiftene ei belastning for hushald med vanlege lønsinntekter. Jegeren har motiv for å prøve å tene innatt noko av utgiftene ved å få tak i mest mogleg kjøt. Jakta har sosiale og naturmessige sider som jegeren gjerne vil vere med på utover hausten. Ho eller han vil helst ikkje avslutte jakta etter at første dyret er skote. Då gjeld det at han eller ho har fleire fellingsløyve. Stor bestand på papiret gjev mange og relativt rimelege fellingsløyve. Jegeren har klart både økonomiske, sportslege og sosiale interesser av at hjortestammen blir vurdert som svært stor på papiret.

Påstand: Hjortejegerar, bønder, skogeigarar, hageeigarar eller andre som har nære relasjonar til slike, må ikkje ha noko som helst med hjorteteljingar og hjortedyrrådgjeving å gjere. Dei kan vere verdfulle og skikkelege menneske i mange sammanhengar, men er likevel ugilde og ubrukande i hjortedyrrådgjevinga.

Sett-hjort-teljingane

Desse teljingane går ut på at jegeren skal rapportere inn tal på dyr som han eller ho har «sett» i løpet av jaktdagen. Men jegeren er, som alt påpeika, ugild/inhabil som teljar, og kan sjølvsagt heller ikkje nyttast til teljing i «sett-hjort-samanheng». «Sett-hjort-teljinga» er ein merkeleg farse, uttenkt av personar utan forskningskompetanse og utan juridisk kompetanse, og utført av ugilde personar. Tøyset bør ta slutt snarast.