Gunhild Berge Stang, Sveinung Rotevatn og Anne Mette Hjelle.  (Foto Jostein Vedvik)

Gunhild Berge Stang, Sveinung Rotevatn og Anne Mette Hjelle. (Foto Jostein Vedvik)

På lag med Sogn og Fjordane


Venstre har med sin nøkkelposisjon på Stortinget dei fire siste åra sikra god politikk for Sogn og Fjordane og landet elles.

Venstre er det liberale og sosiale partiet som trur på eit samfunn der vi set mennesket først og tek ansvar for kvarandre og miljøet. Dei siste fire åra har Venstre løfta fram skule, arbeidsplassar og miljø i statsbudsjetta, sikra ei historisk satsing på rassikring og breiband og ei landbruksmelding som legg til rette for bønder over heile landet. I Sogn og Fjordane og landet elles går vi til val på tre hovudsaker:


1. Gode skular og barnehagar

Borna våre er framtida. Dei siste fire åra har vi fått med oss KrF og regjeringa på ei tredobling av støtta til etter- og vidareutdanning, slik at alle dei flinke lærarane våre kan bli endå dyktigare fagleg og pedagogisk.

Venstre vil styrke yrkesfaga og halde fram arbeidet med å løfte studentane. Det var Venstre som kom med forslag om å utvide studiestøtta til 11 månader. Det gjer det lettare å vere heiltidsstudent.

Venstre har fått gjennomslag for gratis kjernetid i barnehagen, og 50 000 born er no del av denne ordninga. No vil vi gjere barnehage og SFO gratis for dei familiane som treng det mest. Dette hjelper mot fattigdom og styrkar integreringa.


2. Naturen som ressurs

Vi har eit ansvar for å ta vare på naturen og klimaet. Plast og boss i havet er eit enormt problem. Fuglar, fisk og andre sjødyr får i seg plast og miljøgifter som kjem inn i kretsløpet og dermed kan skade både dyr og menneske. Venstre vil jobbe for endå meir til forsking, teknologiutvikling og rydding av fjordar og hav.

I dag byggjer vi mykje av velstanden vår på oljeinntekter. Om mindre enn 50 år er olje og gass erstatta av sol, vind, bølgjer, hydrogen og grunnvarme. Sogn og Fjordane er fornybarfylket, og det grøne skiftet gir oss enorme moglegheiter. Vi må investere for framtidas arbeidsplassar og velferd i andre næringar enn oljen. 

Venstre vil verne sårbare havområde mot oljeutvinning. Utan KrF og Venstre si samarbeidsavtale med regjeringa ville truleg dei første plattformane ha vore i drift midt i det blå matfatet. Venstre vil kjempe vidare med nebb og klør for vern av havområda i iskanten og Lofoten, Vesterålen og Senja!


3. Nye arbeidsplassar og utvikling av distrikta

Vi bur i dag i eit fylke der mykje går bra. Folketalet stig og arbeidsløysa er lågast i landet. Men som eit typisk distriktsfylke har vi også nokre særlege utfordringar.

Venstre vil skape nye arbeidsplassar over heile landet. Ingen andre parti kan matche Venstre sin næringspolitikk. Vi har saman med regjeringa og KrF gjort det enklare å starte nye bedrifter gjennom skattepolitikken og auka støtte til gründerar. Venstre vil jobbe vidare for å styrke dei som skaper nye arbeidsplassar. Og ikkje minst vil vi sikre EØS-avtalen, som er viktig for dei mange eksportbedriftene våre.

Venstre har ein solid landbrukspolitikk, noko som vart slått ettertrykkeleg fast i arbeidet med landbruksmeldinga. Venstre og KrF er garantisten for ein landbrukspolitikk som tek omsyn til dei mindre bruka. Det er viktig for distrikta og for at maten skal vere like trygg i framtida.

Venstre har saman med regjeringa vedtatt å flytte ut mange statlege arbeidsplassar frå Oslo, og fleire kjem framover. Denne satsinga vil stogge opp utan Venstre. Vi støttar også opp om regjeringa si kommunereform. Dagens kommuneinndeling vart gjort på 1960-talet og krava til kommunane har endra seg dramatisk.

Venstre får tidvis tilbakemeldingar om at vi står i ein spagat mellom å støtte regjeringa og samtidig kritisere FrP. Det kan kallast spagat. Vi kallar det nøkkelposisjon som gjer at vi kan samarbeide i begge retningar, og det har vore nyttig både for Sogn og Fjordane og landet vårt.

Det er ingen tvil om at Venstre og FrP sin politikk er ulik på nokre område. Integrering og miljø er dei områda som skil oss mest. Og det har til tider vore høglydt kritikk – både av FrP frå venstrefolk og omvendt.

Det er godt mulig Venstre hadde tent ovanfor veljarane på å gå meir forsiktig i dørene. Samtidig var avstanden stor ved budsjettforhandlingane i haust. Så lenge global oppvarming er den største trusselen mot verda og Noreg har forplikta seg til reduksjon av klimagassutslepp i Paris-avtalen, kunne vi ikkje støtte eit budsjett som la opp til auka utslepp. I 2016 gjekk klimagassutsleppa i Noreg ned for første gong på fleire tiår. Vi er på rett veg! 

Venstre har også kritisert FrP og spesielt Sylvi Listhaug sine utspel i asyl- og innvandringsdebatten. Vi trur Venstre har betre og meir humane løysingar når det gjeld til dømes asylborn og einslege mindreårige, og står støtt i diskusjonane om dette.

Eit anna punkt enkelte meiner at Venstre ikkje er klare nok på før stortingsvalet er regjeringsspørsmålet. Eit samla landsmøte slo fast at Venstre vil ha ei blågrøn regjering med Venstre, KrF og Høgre. Dess sterkare Venstre vert på tinget i neste periode, dess større sjanse for at nettopp dette skjer. Og når det gjeld vingling i spørsmålet om regjering er det vel ærleg talt andre parti som er mindre tydelege enn Venstre.

Både Noreg og Sogn og Fjordane treng eit sterkt Venstre på tinget. Vi er partiet som er på lag med framtida, og vi skal vinne veljarar ved å vise – igjen – at vi er best på skule, best på miljø og best på legge til rette for nye arbeidsplassar.