Fleire aviser har hatt oppslag om det. Ingen har prøvd å forklare kvifor dette er blitt slik, så det vil eg prøve på no.

Då må ein ta til med starten med energireforma i 1991. Til då hadde kraftselskapa selt krafta til sjølvkost, men det var ikkje godt nok. Eit konkurransesystem mellom ulike offentleg eigde kraftselskap blei oppretta. Heilt utan samfunnsdebatt.

Der blei det fastsett at kapitalen i nettet skulle ha ei avkastning på 4 prosent. Eg må skyte inn her at eg betalte 30 øre for nett og kraft i 1990. Utslaget av dette med avkastning vart stort. I 1993 betalte kundane i Sogn og Fjordane 22 øre i nettleige mot 18 øre i Oslo (Kjelde: SSB).

Men kvifor blei skilnaden mellom oss og Oslo så mykje større seinare. Jau, det heng saman med at kommunane selde seg ut av kraftnæringa og bygde idrettshallar, kulturhus, eller kva dei måtte finne på. Jølster gjorde berre fornuftige ting, så det er sagt.

Kva med Oslo. Nei, dei held seg i ro. Det var på tale at eit finsk selskap skulle kjøpe Hafslund, men då vakna endeleg Kåre Willoch og sa stopp. Og under over alle under - det blei stoppa i heile landet. Men skaden var stor, 160 mrd var teke ut, halve verdien av næringa. I den samanhangen er det viktig å vite at nettet har same verdi som kraftanlegga.

Høgre og Framstegspartiet har programfesta privatisering av kraftnæringa. Det har vi høyrt lite om i det siste.

Men, kvar vart det av kraftgevinsten vi vart lova? Nettop det var hovudoppslaget i eit særnummer om energi i “Teknisk ukeblad” i 2008. Der har eg henta i tala for kommunale utsal frå næringa.

Kan noko gjerast? Ja, ein kan skrote energireforma, vi kan i alle fall få sett ned avkastninga på 4 prosent på nettet til 2 prosent. Elles vil mykje sette seg etter kvart. Sidan det gjeld nedbetaling av lån det aller meste. Oslo-buarane kunne hatt to hundre idrettshallar om Oslo hadde gjort det same som Naustdal og Gaular med eigen idrettshall på tre tusen innbyggjarar. Er det ei trøst?