Det er berre rett og rimeleg at de kjempar for eigne arbeidsplassar og elevtilboda ved skulen dykkar.  Men i reportasjen i Fjordabladet, fredag 24. 03. går de over streken.  De spreier feilinformasjon om idrettslina på Firda, og de viser liten forstand når det gjeld synet på kva utdanning er for noko. Dette er noko nytt i skuledebatten. Tidlegare har ein snakka fram eigne tilbod og helde seg for gode til å snakke ned andre sine.

Eit samfunnsnyttig perspektiv på utdanning

Eg vil få rette opp noko av det feilaktige inntrykket som er skapt. Eg er samd i  at det er viktig å utdanne elevane til yrkeslivet og næringslivet. Det gjer vi også på Firda   I tillegg utdannar vi elevane til livet. Det er kanskje difor vi har så mange nøgde elevar på Firda. Vi har utdanningar som utviklar heile mennesket. Vi har musikk, dans, drama og idrett. Som ein forelder frå Førde sa om Firda for nokre år sidan, etter å ha sett ei oppsetjing i kultursalen: Tenk å kunne sende ungdomane sine på ei  slik danningsreise, og det berre ein god time heimanfrå! Og for å gjere det klart:  Alle desse studieretningane gjev generell studiekompetanse. Det vil seie: Den same studiekompetansen ein får med dei fleste fagkombinasjonar på studiespesialiserande utdanning.

Kva er vitsen med idrettslina?

Det verkar særleg som det er  idrettslina som fell tungt for brystet. Eg kan forsikre om at dei gjer  anna enn å spele kanonball og leike sisten. Til foreldre med elevar som har lyst å gå idrettslina kan eg informere om følgjande: Dette er ei av dei mest framtidsretta utdanningane ein kan ta her i fylket. I løpet av tre år får idrettselevane kunnskap om leiing og instruksjon, anatomi og fysiologi, treningslære, kosthald og ernæring, idrettsetikk, idretten si samfunnsbyggjande rolle og mykje meir.  I tillegg kan ein utvikle seg på høgt nivå innanfor idretten sin, eller ein kan velje ein meir breiddebasert variant. Til slutt kan nemnast erfaringane dei får innanfor friluftsliv. Tenk å kunne gå ut i vaksenlivet med ei slik ballast! Idrettselevane er hardtarbeidande. I løpet av tre år går dei eit ekstra halvår for å få på plass alle allmennfaga, altså 35 timar i veka – likt med musikk, dans og drama.

Har samfunnet bruk for idrettselevane?

Får samfunnet «bruk for» dei som vel idrett?  Vel, dei fleste som går på idrettslina utdannar seg vidare som idrettslærarar, allmennlærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar, økonomar og fysioterapeutar for å nemne noko. Fleire går politihøgskulen, andre tar advokatutdanning og atter andre tar kveldskurs i matematikk og fysikk og blir ingeniørar. Og så er det jo kjekt at enkelte også blir landslagstrenarar i langrenn!  Når dei er inne til førstegongstenesta er dei ettertrakta som idrettsoffiserar, militærpoliti og befal. Kva så når dei skal utdanne seg vidare på høgskular og universitet? Mange av idrettselevane sper på studentinntekta si som badevakter, trenarar på helsestudio, idrettsstøttekontaktar for funksjonshemma og som trenarar i ulike idrettslag. Med andre ord:  Dei tener pengar på noko dei har personleg dugleik i.

Folkehelse

Som sagt utdannar vi elevane på Firda for livet og samfunnet.  Sogn og Fjordane vil i framtida få dobbel glede av elevane som har valt musikk, dans, drama og idrett.  På kveldstid vil vi finne dei att på kulturskular og i idrettslag som fagleg dyktige instruktørar. Dette er viktig i eit folkehelseperspektiv.  På dagtid vil ein møte dei i så mange slags ulike yrke. Det ville vere nyttig for samfunnet om  fleire elevar og foreldre fekk auga opp for mogelegheitene som opnar seg for dei som tek ei utdanning innanfor desse programområda.

Gjensidig avhengigheit

Det er viktig at vi ikkje snakkar kvarandre ned, men at vi samarbeider til beste for elevar og foreldre. Det er den jobben vi som arbeider i skuleverket er sett til å gjere. Vi skal ikkje snakke nedsetjande om dei utdanningsvala elevar og foreldre gjer, og så tvil om desse.  I Gloppen er vi avhengige av at Eid vidaregåande skule har gode yrkesfaglege tilbod.  Eid vidaregåande skule er avhengig av elevane frå Gloppen. Kvar dag sender vi ei busslast med elevar til Eid. Nokre av elevane startar denne turen allereie på Byrkjelo. Som eit lite apropos: Turen tar om lag like lang tid som det vil ta for ein elev frå Eid å pendle til Stryn eller Måløy. Den sentrale plasseringa til Eid gjer at dette er den kommunen det er lettast å pendle ut frå. Likevel støttar vi sjølvsagt opp om den gode skulen de har på Eid. Dei elevane frå Gloppen som eg kjenner let vel både over lærarkreftene og klassemiljøa der.  Eit samarbeid basert på tillit mellom dei fire skulane i Nordfjord vil gjere alle sterkare og tryggare.

Puccini og det flottaste ekteparet i fylket

I helga fekk vi som bur i kulturkommunane Eid, Gloppen og Førde oppleve ein fantastisk Puccini-konsert. Vi må ta av oss hatten for Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich , det stiligaste ekteparet i fylket!  Opplevinga var overveldande, og vi ser kva kultur har å seie for lukke og folkehelse!  På scena stod mellom anna musikklinekoret til Firda som har fått «leike seg med hobbyen sin» i tre år i staden for å velje yrkesfag. Tusen takk til to eldsjeler som ikkje berre svært ofte snakkar fram musikklina på Firda, men som er med på å løfte den. Slik samarbeider gode naboar. La oss ha desse to rause personane som gode føredøme. Og til næringslivet i distriktet: Den omdømebygginga kultur og idrett står for i Nordfjord, og dei ringverknadene som oppstår, må vere reine gåvepakken. Tenk på det neste gang de fortvilar over ungdomane som vel musikk, dans, drama og idrett!