Norge er eit land med bønder som i svært varierande grad livnærer seg av garden og dei ressursane som er knytta til eigedommen. Likevel ivaretek alle viktige forvaltningsoppgåver som dyrking av jorda, å halde kulturlandskapet godt i hevd og dei bidreg til levande bygder rundt omkring i vårt langstrakte land.

Heiltidsbonden blir ofte trekt fram som den aktøren i jordbruket som bør gjevast økonomisk stimulans og satsast på. I inneverande stortingsperiode har det vore denne kategorien bonde som har «hausta» ved jordbruksoppgjera. Den mest vanlege definisjonen av ein heiltidsbonde er at minst 90% av inntekta stammar frå gardsdrifta. Det er ei veldig lita gruppe som vert heva over andre. I 2014 var det 11 % som hadde over 90 % av inntekta frå jordbruket.

Dei færraste veit eller bryr seg om det er ein heiltids- eller deltidsbonde som produserer maten eller kulturlandskapet. I deler av landet avgrensar dessutan topografien bruksstorleiken, slik at det med dagens teknologi ikkje er økonomisk grunnlag for heiltidsdrift.

Den rasjonelle tilpassinga på desse bruka er difor deltid. Deltid blir avgjerande for å halde oppe drifta av bruket og arealet. Det sist nemnde er viktig å ha med seg i desse tider når stortingspolitikarane skal ta stilling til framtida for jordbruket i Norge. Heiltidsdrift kan ikkje vere eit mål i seg sjølv. Eit framtidig jordbruk og busetting på mange bruk rundt omkring står og fell med tilfredsstillande rammevilkår også for deltidsbonden. Landet vårt treng mangfald!

I innstillinga til jordbruksoppgjeret 2016 slo ein einstemmig Næringskomité på Stortinget fast: sitat "For å sikre rekruttering og inntektsmulighet for dem som bruker hele eller mesteparten av arbeidskraften sin i næringa, er det viktig å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre i samfunnet" Sitat slutt.

Det er ingen samanheng  mellom dei som brukar mesteparten av arbeidskrafta si i næringa og verkemiddelsystemet. Einsidig satsing på heiltidsbonden er fordekt strukturendring! Det må satsast på både heiltids- og deltidsbonden!