Svaret burde sjølvsagt vere ja. Like fullt synest det at Høgre og Frp er ueinige i dette. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vert ramma hardt av regjeringa sine sentraliseringsreformer. Det er tydelegvis ikkje nok for regjeringa å skulle leggje ned kommunar, domstolar, gardsbruk eller brannstasjonar over store deler av fylka våre. No vert også tryggleiken vår satt under  åtak.

I statsbudsjettet for 2017 går regjeringa i gang med nedbygginga av Heimevernet. Heimevernet skal reduserast til 38 000 mann. Nesten heile reduksjonen skal takast utanfor dei største byane i Sør-Noreg. På Nordvestlandet blir det ikkje mange HV-soldatar igjen. På toppen av dette vil regjeringa avvikle Heimevernet sin base på Setnesmoen. Regjeringa meiner altså at den einaste militære basen av noko storleik som er att mellom Bergen og Trondheim  ikkje er verd å ta vare på. Når distriktstaben HV-11 på Setnesmoen skal leggjast ned, blir Nordvestlandet ståande utan militær leiing til stades. Kva er det som gjer oss annleis, som gjer at me ikkje treng militær nærværande leiing?

Høgre og Frp stoppar dessverre ikkje her. Sjøheimevernet meiner dei heller ikkje har livets rett. Norske menn og kvinner som i mange år har bygd opp erfaring og trena på å verne kysten, mistar no denne oppgåva. Når Sjøheimevernet vert lagt ned, forsvinn også Grunden 22, Heimevernets base i Kristiansund.

Det er ikkje berre tragisk, men også ironisk, når Høgre og Frp vel å leggje Heimevernet brakk. I sitt forslag til Langtidsplan for Forsvaret har regjeringa varsla ei «Landmaktutgreiing». Dette gjer at naudsynte investeringar i både Hæren og Heimevernet vert sette på vent. Men når regjeringa skal ha ei eiga utgreiing om framtidas landmakt, kvifor vel dei allereie no å rasere Heimevernet og Forsvaret på Nordvestlandet?

Før valet i 2013, lova Høgre at dei ønska eit styrka Heimevern og ei «massiv auke» i landmilitær evne. Seinast i 2014 lova Høgres forsvarsminister at «Sjøheimevernet skal videreføres med nåværende oppgaver knyttet til maritim overvåking, kontroll med skipsfarten og med styrket innretning mot sikring av objekter». No er alle desse lovnadane brotne. Statsbudsjettet for 2017 markerer eit historisk feilgrep. Nedbygginga av Heimevernet kan dessverre vise seg å få omfattande konsekvensar.

Det er like fullt ikkje berre forsvaret som vert svekka. Gjennom politireforma, den sokalla «nærpolitireforma»,  vel regjeringa å sentralisere politiet si leiing og  leggje ned ei rekke lensmannskontor utanfor dei største byane. Når regjeringa både byggjer ned Heimevernet og svekkar politiet over store deler av Nordvestlandet, er det knapt folk igjen til å sikre tryggleiken i store delar av regionen vår. Kvifor meiner Høgre og Frp at folk på Nordvestlandet ikkje har krav på same tryggleik som andre i Noreg?