Den 7. september vart det brot i meklinga mellom Akademikarane og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter. Streik i sjukehusa vart dermed eit faktum. Etter opptrapping sist fredag er totalt 498 medlemmar ved 12 sjukehus tekne ut i streik, mellom desse tilsette ved Haukeland Universitetssjukehus. Førebels er ingen tilsette i Helse Førde tekne ut i streiken.

Usemja står i hovudsak om organisering av legane si arbeidstid og retten til automatisk vaktfritak for gravide i siste tredjedelen av svangerskapet.

Legars arbeidstid har tradisjonelt vore planlagt etter rullerande arbeidsplanar der ein reknar ut gjennomsnittet av arbeidstida over det same talet veker som det er legar i vaktsjiktet. Denne ordninga har gitt føreseieleg arbeidstid, sikra jevn fordeling av arbeidsbelastinga og gjort det mogeleg for tillitsvalte å kontrollere at arbeidstida er innanfor avtalte rammer. Kollektive rullerande arbeidsplanar har slik vore eit uskrive grunnlag for legars vide unntak frå arbeidsmiljølova.

Det føreligg i dag vernebestemmingar som tilet legar å arbeide opp til 60 timar per veke og 19 timar samanhengande vakt. Ved fleire føretak, mellom anna Helse Førde, finn ein lokale avtalar som og går langt utover dette. Bakgrunnen er at utvida arbeidstid er tvingande nødvendig for at drifta av sjukehusa skal gå i hop.

Arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter rokkar no ved dette med å ønske innføring av individuelle turnusar der arbeidstida fordelast over eit halvt til eitt år. Arbeidsgjevar står då fritt til å planlegge lange arbeidsintensive periodar utan at gjennomsnittleg arbeidstid kjem i strid med tariffavtalene. Resultatet er ei rovdrift av legane, der mange går i mellombelse stillingar som gjer det vanskeleg å protestere. I ytterste konsekvens kan ein påleggast å arbeide 60-timarsveker 38 veker i strekk. At kvar enkelt lege får ein eigen plan med ulikt timetal frå veke til veke, og som gjerne hyppig vert endra gjennom året, gjer og kontrollfunksjonen til tillitsvalte umogeleg.

Eksempel frå sjukehus der slike arbeidsplanar er prøvd ut viser at arbeidsgjevar kan utnytte sin styringsrett grovt med økonomiske åsikter. I praksis lyt ein jobbe inn sin eigen ferie, lovbestemte permisjonar, tildømes ved svangerskap, og avtalefesta fri til kurs og anna fagutvikling. Uansvarleg arbeidsbelasting vil resultere i slitne legar med vesentleg fare for pasientsikkerheita.  Akademikarane kan ikkje godta eit slikt åtak på det kollektive vernet rundt legane si arbeidstid, verken med bakgrunn i medlemmane si helse, pasientsikkerheita eller kvaliteten på dei helsetjenestene ein skal tilby i framtida.

Mål om utvista styringsrett frå arbeidsgjevarsida står og sentralt i høve til behandlinga av gravide legar. Grunna i den gravides helse har sjukehusa i alle år praktisert ei ordning med vaktfritak i siste tredjedel av svangerskapet. Etter ein dom i arbeidsretten i juli 2015 vart denne praksisen brått endra ved fleire sjukehus. Sjølv om arbeidstida framleis skal være avgrensa til 9 timar, er det no arbeidsgjevars meining at desse kan plasserast når det måtte være på døgnet. Bevisbyrda for kor vidt dette er forsvarleg er lagt over på den gravide sjølv. I ein realitet der arbeidssituasjonen er prega av mellombelse tilsettingar lyt helsa ofte vike for at vidare tilsetting skal være mogeleg.

Ved sjukehus der ny praksis er innført er det kjent at gravide lyt jobbe 9-timars dagar veka gjennom for sleppe nattevakter. Alle som sjølv har stått i dette veit at vaktarbeid er belastande og i all hovudsak uforlikeleg med å være høggravid. Samtidig er tilstrekkeleg tilrettelegging sjeldan mogeleg. Resultatet er at mange vert sjukemeldte og dei som er igjen svært slitne, noko vi alle veit er farleg for pasientane.

I Helse Førde er kollektive rullerande arbeidsplanar farmleis regelen og ein har heller ikkje endra praksis rundt vaktfritak for gravide. Slik vonar vi det og vil være i framtida. Det er likevel lite truleg at nokon vil skånast om Spekter vinn fram. Som tillitsvalte ser ein at sentrale føringar frå arbeidgjevarsida stadig gjer det vanskelegare å finne gode løysingar lokalt. For små helseføretak med utfordringar knytt til rekruttering kan dette verte fatalt.

Den norske modellen der partane i fellesskap finn gode løysingar står i dag for fall. Medbestemming vert fjerna til fordel for arbeidsgjevar sin styringsrett. I ein kvardag der økonomi skyggar over alt anna, har ein ingen lit til at arbeidsgjevar vil ta i vare hensyn utover det som er krav om i lov og tariffavtalar. Brei støtte frå andre fagforbund syner at konsekvensane vil nå langt utover helseføretaka. Vi kan sjå starten på ei kulturendring i norsk arbeidsliv som ingen er tent med. Denne konflikta angår oss alle, både som arbeidstakarar og pasientar.