Av Spelemannslaget Fjelljom:

Spelemannslaget Fjelljom har i fleire år vore aktive som konsertarrangørar.

Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli har og synt seg svært veleigna for akkustiske konsertar der musikken får klinge fritt mellom tømmerveggane utan hjelp av høgtalaranlegg.

Artistar som har vore der ber om å få kome att. Døme på slike er Britt Elise Skram og Kristina Farstad Bjørdal som begge har spelt i huset før og som nyleg

heldt ein herleg konsert med påfølgjande dansespeling.

Allereie onsdag 3. april byr vi inn til liknande opplegg. Då er det Håkon Høgemo og Tom Karlsrud som er ute på ein liten turne i regi av Førdefestivalen si nysatsing som har fått

namnet Vestafolk.

Hardingfelespelaren Håkon Høgemo er frå Årdal i Sogn og bur no på Osterøy.

Han har vunne Landskappleiken to gonger og kan sjå attende på to spellemannprisar. I tillegg til å vere frilansar har han i årevis vore førsteamanuensis med ansvar for hardingfeleundervisninga på Norges Musikkhøgskule.

Vi kjenner han og frå konsertar og plateinnspelingar saman med saxofonisten Karl Seglem.

Trekkspelaren Tom Karslrud bur i Aurland og er distriktsmusikar i tillegg til å drive lydstudio.

Både Honndalsmusikken og Arne M. Sølvberg har gjort plateinnspelingar og utgjevingar på hans selskap.

Tom Karlsrud har lang fartstid i Gjertruds sigøynerorkester og har spelt ei rekkje konsertar saman med klarinettist Georg M. Reiss.

Håkon og Tom har spelt saman i lang tid og har fleire plater i lag. Repertoaret spenner frå dei eldre slåttetypane som springar og halling til dei litt nyare runddansane i tradisjon frå Sogn.

Etter konserten spelar dei ei kort økt til dans. Som vanleg vert det høve til å setje seg ned til ein liten prat over ein kopp kaffi.