Vårkonserten for alle korps i Eid har vore fast tradisjon i over førti år. Konserten i Operahuset søndag viser at korpsrørsla framleis står sterkt i Eid. Arrangør i år var Kjølsdalen musikklag.

– Korps er kjekt og sosialt. Vi har kome over det stadiet at vi synes det er litt treigt. No er korps kult, seier syskena Synnøve (18) og Olav (16) Berstad. Dei spelar begge i både skulemusikken og musikklaget i Kjølsdalen, i tillegg til at Synnøve er med i Nordvest UngdomsBrassband.

Naturleg

– I Kjølsdalen har det vore naturleg å vere med i korps, seier dei. Syskena skulle gjerne sett fleire ungdommar som dreiv med korpsmusikk.

– Det er mange som skulle ha halde fram med korps, men det er sånn som skjer med alle fritidsaktivitetar - at ungdommen etter kvart sluttar, fortel dei. Syskena var konferansierar under vårkonserten.

Først ut på scena var Ungt korps, med musikantar frå alle skulekorps i kommunen. Under leiing av Tryggve Dyrvik fekk ein mellom anna høyre Super trouper av Abba.

50 år

Stårheim skulekorps vart dirigert av Eldri Rimmereid.

– Stårheim har 50-årsjubileum i haust, noko vi kjem til å markere med å gjere litt stas på musikantane. 50 år er ein grei alder for eit korps. Vi slit ikkje meir enn andre med å halde oppe korpset, men det er sjølvsagt ei utfordring at det er mange andre aktivitetar som konkurrerer om dei same ungdommane, seier leiar Anita Hunvik til Fjordabladet.

Deretter følgde det slag i slag med Kjølsdalen skulemusikk dirigert av Tryggve Dyrvik, Eid musikklag og Nordfjordeid skulekorps leia av Kari Standal Pavelich, Hjelle skulemusikk dirigert av Helge Rønnekleiv og Kjølsdalen musikklag leia av Thomas Aanonlie. Her var Hege Kristin Lillestøl Naustdal songsolist til stor glede for publikum då dei framførte Georgia on my Mind.

Også drilljentene frå Nordfjordeid skulekorps viste seg fram.

– Det er kjempekjekt, men om ein mister drillstaven i golvet må ein berre smile og prøve å halde fram vidare, fortel drilljentene. Dei viste sportsdril med element både frå dans og turn.

God prat og mat høyrer med når korpsa i Eid innbyr til vårkonsert i operahuset Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Stårheim skulekorps har 50-årsjubileum i år, noko som vert markert til hausten. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Ungt korps er samansett med dei yngste frå alle korpsa i Eid, her er klarinettrekka i aksjon under vårkonserten. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Glade drilljenter i Nordfjordeid skulekorps hadde også oppvisning under vårkonserten søndag. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
– Korps er kjekt og sosialt, synes syskena Synnøve og Olav Berstad, som var konferansierar under vårkonserten, samtidig som dei spelte i to korps. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Både Eid musikklag og Nordfjordeid skulekorps vert dirigert av Kari Standal Pavelich. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes