─  For meg er det ei stor ære å få stile ut bileta mine i eit så fantastisk galleri som det Gamlebanken er. Denne dagen, med fantastisk flott opning, kjem eg aldri til å gløyme, sa Vera Holmen etter at dei siste tonane frå opninga hadde lagt seg.

Frå aust til vest

Vera Holmen er austlendingen som har gjort vestlending av seg. Ho er opphavleg frå Kongsberg. Etter å ha budd eitt års tid hos sonen Ovar Holmen i Eid, vart Selje bustadkommunen i 2012. På spørsmål om kva det er som påverkar henne mest som kunstnar er svaret like enkelt som spørsmålet.

─ Livet, naturen og alt det vi har rundt oss, seier Vera som fekk æra av og opne den første kunstutstillinga i Gamlebanken i 2017.