Suløen gjentar suksessen frå i fjor og kjem tilbake til Nordfjordeid  for å skape julestemning. På programmet står hovudsakleg svingande amerikanske julesongar som «Christmastime in New Orleans» og «Have yourself a merry little Christmas», men det vil òg vere plass til jazza versjonar av norske julesongar, som «Romjulsdrøm».  Og om vi er heldige får vi høyre songsolisten frå New Orleans, Tricia Boutté-Langlo, framføre «Det lyser i stille grender», på nynorsk!

Suløen, no i sitt 43. år, vil òg spele ein del låtar frå bandet si heilt nye plate «Eternal Now». Dette blir den 25. utgjevinga til bandet. Plata vart spelt inn i Voldsdalen Kirke i Ålesund saman med solist Tricia Boutté-Langlo og koret Tolvtetten frå Fosnavåg. Plata inneheld gospel-låtar av bl.a. Mahalia Jackson og Wynton Marsalis – og til og med ein nykomponert låt av banjoist og grunnleggar av Suløen, Einar Aarø.

Bandet Ytre Suløens Jass-ensemble er kjent for dei fleste på vestlandet etter over fire tiår som turnerande band. Bandet vart starta av Einar Aarø og Jens Arne Molvær i Langevågen i 1973. Bandet har gått gjennom fleire utskiftingar av personell dei siste 40 åra, og som Einar Aarø seier: «Det å få inn nye medlemar i bandet, er heilt naudsynt for å halde tradisjonen med Suløen gåande. Og ikkje minst for å halde tradisjonen med jazz-musikk i live!». Medlemane i dag har eit aldersspenn frå Aarø på 79 år, til Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid på 27 år.