Sofia Berg vaks opp på Eid, og kjem frå ein særs musikalsk familie. I år har ho ansvaret som inspisient åleine for «Hoffmanns eventyr», men med mange gode hjelparar bak scena.

Sofia Berg har vore med på operaførestillingar på Eid sidan 2007, og har vore assisterande inspisient sidan den gong. Ho har vore vikar inspisient på Operaen i Oslo. Når ho ikkje jobbar som inspisient er ho vakt i Securitas i Oslo.

– Det er mange flinke folk på scena som hjelper meg. Eg er imponert over at dei er så engasjerte og flinke, og i tillegg er på jobb på dagtid, seier ho.

Allereie eit halvt år før framsyninga må ho byrje å sette seg inn i dei forskjellige scenene, musikken og få ein oversikt over alle aktørane.

– Eg er veldig detaljorientert, og må kunne ha mange tankar i hovudet samtidig, og alltid liggje i forkant. Det er eg som gjer signal til alle avdelingane bak scena, og har ei bok eg skriv opp alt i. Når nokon skal inn på scena varslar eg via radiosamband. Det er eg som setter alt i gang, fortel ho.

– Det er mange og raske skift under førestillinga, og eg må gje beskjed kva dei skal ha med seg, kostyme dei skal ha på osv. Skulle det skje noko uforutsett må eg kunne klare å løyse det der og då. Eg er glad i å skrive lister, kan du seie.

Det vanskelegaste synest ho er å klare å koordinere alt, men å lære seg namna til alle som er med er ikkje noko problem.

– Det er mange delar i sving under ei slik førestilling. Eg merkar at jo meir eg gjer dette, jo betre blir eg for kvar gong. Det er ei treningssak. Og så er det eit stort kick når eg får det til, og alt flyt så fint. Det er mange menneske i salen som har betalt for å sjå på stykket, og då må det helst flyte fint, seier Sofia.

Heile familien kjem frå Oslo for å sjå på stykket.