Skal ein jobbe som artist, arrangør eller i andre delar av musikkbransjen er det hard jobbing. Brak skal hjelpe deg på vegen mot dine mål. Blest er ein møteplass for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane, der ein utvekslar erfaringar, får kurstilbod og moglegheita til å oppdage morgondagens stjerneskot frå regionen.

I år arrangere Brak ikkje mindre enn tre Blest i Sogn og Fjordane. Det vil skje på tre ulike stadar med lokale samarbeidspartnarar, og det går frå 2-dagers til 1-dags arrangement. Innhaldet blir likt det Blest vi kjenner frå dei tidlegare åra. Faglig påfyll gjennom foredrag, kurs og workshop på dagtid og konsertar på kveldstid. Sandane, Florø og Sogndal er stadane for årets Blest rekke i samarbeid med Firda Vidaregåande skule, Studenthuset Meieriet og Florø Rockeklubb. Brak har også inngått samarbeid med Kulturskulerådet i Sogn og Fjordane.

På jakt etter artistar

Totalt vil 6 artistar frå Sogn og Fjordane få spele på Blest. Det er ingen sjangerbegrensingar for artistane som melder seg på. Denne møteplassen er ei unik moglegheit til å syne seg fram for både regional og nasjonal bransje, og det er mange artistar som har fått både spelejobbar på festivalar, platekontrakt og liknande ut av å spele på Blest.

I tillegg til å vere ei scene å vise seg fram på er nettverksbygging ein stor del av Blest. Her skal ein knytte kontakt med andre musikarar, med arrangørar og bransjefolk. Dette skal gje kunnskap og nye impulsar til arbeidet som musikar.

- For meg og bandet var BLEST 2015 både kjempe kjekt, sosialt og lærerikt. Ei heil helg stappa med god musikk og folk som deler den same lidenskapen. Og ein får masse gode tips og råd frå folk som jobbar i bransjen. Til slutt toppar det heile med å få spele på ei god scene, med bra utstyr, kjempeflinke folk og ikkje minst so får ein høyre masse bra up and coming artistar og band frå Sogn og Fjordane. Vil anbefale alle som kan delta til å melde seg på seier Aleksander Raftevold frontfigur i Aleks Grey, som var ein av dei som stod på scena under Blest 2015.

Har du og bandet ditt lyst å spele på årets utgåve av Blest? I så fall er det på tide å melde seg på. Fristen er satt til 10.september.