− Malakoff-stemninga var på plass frå fyrste tone. Det har vore store konsertopplevingar på rekke og rad, seier fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Meir enn 10 000 publikummarar fann vegen til Malakoff Rockfestival, og i dag laurdag er det venta endå fleire.

− Det var god stemning heile fredagen. Det gjekk smertefritt å sleppe inn tusenvis av ungdommar på festivalcampen. Eid sentrum syda av musikk og sommar under SommarLutt-konserten, og det har aldri vore så mange publikummarar og så høg stemning på Amfiscena som under Matoma-konserten, seier festivalsjefen som legg til at litt ettermiddagsregn la inga demping på stemninga.

Festivalen har kring 800 frivillige i sving denne helga, og alle arbeidsstasjonar har vore i full aktivitet. Til meir enn 10000 publikummarar treng ein folk som ordnar med mat og drikke, overnatting og ikkje minst vakthald.

− Det er fornøgde folk i alle ledd. Det skal vere kjekt å vere med på Malakoff-dugnaden, og vi prøver å organisere oss med nok folk som har nok å gjere. Det er kjekt å sjå når det fungere, seier Naustdal, og er klar for ein ny festivaldag.

− Laurdag ventar vi sol og endå meir publikum. Det går mot tidendes Malakoff Rockfestival, seier Arnt-Ivar Naustdal.