Michael Kildal, I See Rivers, NRWY, Indigo Child, Tina Refsnes og Kjartan Lauritzen spelte under NRK Sommarlutt. Publikum strøyma til konsertane og til og med sola skein når eidarane frå Indigo Child gjekk på scena. Akkurat i det Tina Refsnes gjekk på scena opna himmelen seg og regnet pøsa ned. Sola kom tilbake når den energiske  og eksplosive rapparen Kjartan Lauritzen kom på scena og avslutta NRK Sommarlutt. Kjartan Lauritzen, som er frå Balestrand vart vinnaren av Luttprisen 2016 og får dermed eit stipend frå Sparebanken Vest på 15. 000 kroner.

Publikum var godt nøgde med konsertane, til tross for det varierande vêret.

– Det er fin og variert musikk. Det er bra at det er så mange ulike artistar her, seier Helene Beinnes Førde.

– Det er fint å kunne dele musikken saman med venner, legg Lue Van Oorschot til.