– Det er ein av dei største festivalane i Noreg vi får spele på. Det er veldig kjekt at NRK og Malakoff vil ha oss. Det er inspirasjon og motivasjon til å gjere det bra, seier gjengen i Indigo Child som legg til at dette er ein god arena for artistar og band som vil opp og fram.

IntroduksjonIndigo Child er ei indiepop gruppe beståande av kulturskuleungdomane Johan Espelund (17) på piano, Karl Oskar Nyberg (17) på synthtromme og cello, Maren Holmgren (19) på vokal, Martha Pavelich (16) på vokal og keyboard og Sunniva Honningsvåg (17) på vokal. Det er eit forholdsvis nytt band som står på sommarluttscena fredags ettermiddag. Det heile starta for eitt år sidan då Sunniva skulle delta på Ungdommens Kulturmønstring (UKM). I utgangspunktet skulle ho delta som soloartist, men fann fort ut at ho ville ha eit band som skapte meir tyngde. Inn kom Johan, Karl Oskar, Martha og Maren. Og med det var Indigo Child eit faktum. I år sto dei på scena under UKM igjen. Då gjekk dei heilt til landsfinalen. Fredag skal dei spele på NRK Sommarlutt. I tillegg kan dei også avsløre at det skjer spennande ting til hausten. – Kva det er, kan vi ikkje røpe heilt enno, smiler dei.

Musikken Indigo Child skriv og komponerer låtane sjølv. Så langt har dei gitt ut låta «House on a Hill», og fleire kjem. Nokre av låtane får premiere på fredag. Musikken til indiepop-gruppa kan beskrivast som mystisk som både er frisk og behageleg. Låta «House on a Hill», som er den einaste eigenkomponerte låta publikum så langt har fått høyre, har kvalitetar som kan minne om eit tidleg Highasakite. Dette meinte også festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal då Fjordabladet snakka med han tidlegare i sommar. – Dei minner meg litt om eit tidleg Highasakite. Desse har kjempepotensiale, og kan gå så langt som dei sjølve ynskjer. Det er noko med lydbiletet deira, som gjer at det plutseleg er nokon på nasjonalt nivå som kan fange dei opp. Sjølve vil dei ikkje putte noko merkelapp på musikken sin. – Vi speler indiepop, men samtidig speler vi mykje forskjelleg. Det er mange verder som møtast. Vi er fem ulike personar som har kvar vår inspirasjon og favorittband, seier Sunniva. – Sjølv om eg lar meg inspirere av Susanne Sundfør treng ikkje til dømes Johan gjere det same, legg ho til.

MalakoffIndigo Child har dei siste vekene øvd kvar dag for å førebu seg til Sommarlutt. Dei trudde dei berre skulle spele to låtar på Sommarlutt, men så viste deg seg at dei var sett opp med fire låtar. – Det kom litt brått på. Vi burde ha starta å øve litt tidlegare. Men når vi har litt press på oss, presterer vi best, seier gjengen. No er dei snart i mål med øvingane. På under ein månad har dei produsert tre nye låtar. To av dei i løpet av dei to siste vekene. Dermed blir det heilt nytt stoff publikum får høyre fredag. Det gler bandmedlemmane seg til.– Det er veldig spennande. Vi har tidlegare berre spelt ein og ein song. På Sommarlutt skal vi spele tre nye songar, i tillegg til ein som folk har høyrt før. Dette er den største konserten til no, og at folk kjem for å høyre oss er kult.

I tillegg til at dei står på scena fredags ettermiddag skal dei også spele på radioen klokka 08.00. Mest truleg blir det Darlings av Susanne Sundfør.

Favorittar Indigo Child gler seg ikkje berre til at dei sjølve skal stå på scena. Dei gler seg også til å få med seg dei andre banda og artistane som skal i elden. Dei fem er som sagt svært ulike når det gjeld musikk, og har difor ulike artistar dei gler seg til.

– Dei eg gler meg mest til å høyre er Vintage Trouble, seier Johan.

– Eg gler meg mest til å høyre Iggy Pop. Det er heilt sjukt at han skal spele på Malakoff. Eg har høyrt at Gojira er eit veldig bra liveband og. Det er veldig bra lineup i år, seier Karl Oskar.

– Eg har ikkje høyrt så mykje på artistane og banda, men bror min spelar i Lovespeake, så det gler eg meg til å høyre, seier Martha.

– Sivert Høyem høyre eg mykje på så det gleda eg meg til. Eg trur også det blir bra stemning under Kakkmaddafakka. Eg har lært meg alle låtane deira, så eg er klar, seier Sunniva.

– Eg gler meg skikkeleg til Kvelertak og stemninga under Matoma. Bendik er også kul, seier Maren.