NU er Noregs største miljøorganisasjon for ungdom mellom 13 og 25, og det er fylkeslaget i Sogn og Fjordane saman med lokallaget Eid NU som har organisert at medlemmar frå organisasjonen skal hjelpe til som frivillege på Malakoff. Det gler Synnøve Berstad i Eid Natur og Ungdom seg stort til.

Festivalen varar frå 22.-24. juli, og har i år kapra artistar som Iggy Pop, Kakkmaddafakka og Hjerteslag. Mange nyttar seg av å jobbe frivilleg for å få billett til festivalen, og nytt av året er at ein kan vere frivilleg for Natur og Ungdom. Dei skal syte for at festivalen blir så miljøvennleg som mogleg, og spreie bodskapen om miljøorganisasjonen.

− Malakoff er ein festival som samlar mange ungdom, og gir mange moglegheit til å arbeide frivilleg for gratis festival. Ein festival treng mykje arbeid for å bli meir miljøvennleg, og då er det godt med flinke frivillege. Det håpar vi å kunne bidra med, seier Synnøve i Eid Natur og Ungdom.

Ungdommane frå Natur og Ungdom vil hjelpe til å halde festivalområdet reint og ryddig, i tillegg til å sjå til at all pant vert sortert rett både under og etter festivalen. Ei av hovudoppgåvene dei har er å samle og sortere ut brukbart utstyr gjestane legg igjen etter festivalen. Dette utstyret som vert redda frå søppeldynga vil med hjelp frå Eid Frivilligsentral få nye bruksområde der det trengs. Vidare kjem dei òg til å ha si eiga bod under festivalen kor det vert mogleg å kjøpe NU t-skjortar og anna stæsj, vere med på konkurransar og miljøquiz eller berre prate om miljøengasjement og melde seg inn i Natur og Ungdom!

− Vi håpar å kunne treffe mange unge som kanskje ikkje har hørt om Natur og Ungdom før, men eigentleg kunne tenkje seg å vere medlem. Vi ser at den viktigaste grunnen til at folk ikkje er engasjert er at ei ikkje veit korleis, så difor er det veldig viktig å vere synlege på til dømes festivalar om sommaren, seier lokallagsmedlem Synnøve Berstad.