Etter hektiske dagar med skuleavslutningar og arrangering av korpsstemne, var det godt å setje seg på bussen i Kjølsdalen grytidleg måndag morgon 20. juni. 22 korpsmusikantar, åtte føresette og dirigent Tryggve Dyrvik var spenn klare til korpsturen.

Innhaldsrik reise

Ferda gjekk med buss frå Turbuss Vest, med Børge Meyer Hovland som fantastisk sjåfør. Å reise med danskebåten Oslo-København er ei oppleving i seg sjølv, med god mat, shopping og rolig, søvndyssande sjø. Øresundbroen og Bornholm-ferja frå Ystad til Rønne vart også høgdepunkt på den nesten halvannan døgn lange reisa.

Stor korpsfestival

Kjølsdalen skulemusikk deltok på den populære og tradisjonsrike Korpsfestivalen på Bornholm. Også nabokorpset heime, Stårheim skulekorps, var med. Vi budde i nærleiken av kvarandre i Æblehaven ved Allinge, nordaust på idylliske Bornholm. Dette var basen for opphaldet vårt, og med symjebasseng og leikeplassar var det stor aktivitet på fritida.

Luftgitar og stjernemarsj

Ankomstkvelden deltok vi på poolparty og luftgitarkonkurranse, der Olav Berstad gjorde ein fenomenal innsats og kom heilt til finalen. Onsdag var det Stjernemarsj i Gudhjem, der korpsa marsjerte frå ulike stader og samlast på hamna til fellesnummer. Kjølsdalingane nytte nokre timar i den idylliske byen.

Musikk og bad

Brændesgårdshaven er den eldste fornøyelsesparken i Danmark. Torsdag hadde Kjølsdalen skulemusikk oppmarsj, eigen konsert og fellesnummer med tre andre korps der, før store og små boltra seg i badeland og dei andre parkaktivitetane.

Minnerik jonsok

På korpsfestivalen deltek korpsa i St. Hans-feiringa rundt omkring på Bornholm. Kjølsdalsgjengen fekk vere med på feiringa i Listed, der dei gjorde stor suksess fremst i fakkeltoget og med konsert i fjæresteinane attmed jonsokbålet. Arrangørane spanderte æbleskiver, sodavand og vin på gjestene.

Skryt av musikantane

Etter tre hektiske dagar på Bornholm, gjekk turen med buss og båt heimatt. Det vart også tid til ein stopp på Skandinavias største kjøpesenter utanfor København, til stor glede for dei handleglade. Laurdag kveld kom gjengen heim til Kjølsdalen, og alle var samde om at det hadde vore ein strålande tur.

− Musikantane våre er heilt fantastiske, det er ei fryd å vere saman med dei, seier leiar Kristin Lefdal i Kjølsdalen skulemusikk, som no tek sommarferie. Men heile 13 av dei 22 musikantane skal vere med på sommarkurs i ferien.

BADING: Bading fleire gonger for dag vart det også tid til på korpsturen. Foto: Privat
PUBLIKUM: Ingen ting å seie på frammøtet til Kjølsdalen skulemusikk sin konsert. Foto: Privat
MARSJERING: Kjølsdalen skulemusikk marsjerer inn i Brændesgårdshaven. Foto: Privat
JONSOK: Jonsokaftan var eitt av mange høgdepunkt på turen. Kjølsdalen skulemusikk kan skimtast bak det store bålet, med heksa på toppen. Foto: Privat
SPEL: Konsert i fjæresteinane jonsokaftan. Foto: Privat
DIRIGENT OG FANEBERAR: Dirigent Tryggve Dyrvik og faneberar Lars Frode Humborstad . Foto: Privat
PÅ TUR: God stemning på bussen. Foto: Privat