Frå 24. til 28. juni går den nasjonale UKM-festivalen av stabelen i Trondheim. På den nasjonale UKM-festivalen møtest nesten 600 ungdommar til fire dager med førestillingar, workshops, konsertar, filmvisningar, kunstutstilling, TV-produksjon, sosialt samvær og masse anna.

Eid er representert på UKM-festivalen i Trondheim med gruppa Indigo Child som består av Johan Espelund (17) piano, Karl Oskar Nyberg (17) synthtromme, Maren Holmgren (19) vokal, Martha Pavelich (16) vokal/keyboard og Sunniva Honningsvåg (17) vokal. Indigo Child skal framføre den sjølvlaga låten «House of the hill». Gruppa skal framføre sitt bidrag i Olavshallen søndag 26. juni

Dei fleste som kjem er mellom 15 og 20 år, og alle har til felles at dei er interessert i, og gode på, noko som har med kultur å gjere. Dette er framtida i norsk kulturliv, og som publikum kan du vere blant de første til å oppleve disse talentene.

I tillegg til Indigo Child er Sogn og Fjordane representert med følgande innslag.

Sceneinnslag:

•Sofia Hyttedalen (15 år), vokal og playbackspor for den sjølvlaga låten «Lack of», frå Gloppen.

•TJ Hamre med «Broken hands», frå Sogndal.Tarjei Hamre (18 år), vokal

•Håvard Endal Husevåg (17 år) vokal og piano med den sjølvlaga låten «Well chosen words», frå Gloppen

•Daphnie & Maja med Gloomy Sunday/Here, frå Fjaler Daphnie Knoll (17 år) vokal og piano, Maja Horvath (17 år) vokal og fiolin.

Kunst:

•«Dykk», akvarell på papir, Ingrid Bolstad (15 år) frå Førde

•«Kattens univers», teikning, Anaís Stølen(16 år) frå Gulen

•«Løvetann», foto, Tormod Midtbø (18 år) frå Gloppen

•«Kjole», kjole i resirkulert plast, Margit Brooks (13 år) og Synne Bentås (13 år) frå Lærdal