Dette kjem fram i eit svar frå Fylkesmannen til Eid kommune sin kommunedelplan for ferjefri kryssing Lote-Anda.

– Planen er under utarbeiding, og det føreligg ikkje noko politisk vedtak om kva trasé Eid kommune skal velje. No skal administrasjonen i Eid kommune arbeide fram ei sak som blir lagt fram for politikarane, der blant anna Fylkesmannen sitt svar blir ein del av vurderingsgrunnlaget, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Frå seks til tre

I byrjinga av planprosessen hadde Eid kommune seks alternative traséar til ferjefri kryssing på blokka. I løpet av prosessen har seks traséar blitt redusert til tre. No spørst det om Fylkesmannen si klare tilråding vil føre til at talet traséar blir ytterlegare redusert. Alfred Bjørlo vil ikkje forskottere noko som helst.

– Det er klart at ein vil stå friare med fleire alternative traséar, men no får prosessen gå sin gang og så får vi sjå kva som blir det endelege resultatet.

Rimelegaste alternativ

I den føreslegne kommunedelplanen frå Eid kommune som Fylkesmannen har vurdert, er det skissert tre ulike brutraséar over fjorden, der A er det vestlegaste og C er det austlegaste alternativet, med to ilandføringsalternativ på Lote-sida og tre på Anda-sida. Alternativ A er det alternativet som ligg nærast inntil eksisterande ferjekaier og som inneber minst behov for nye vegar, sidan eksisterande vegnett i hovudsak skal nyttast. Det er sagt i planomtalen at ikkje alle typar brukonstruksjonar kan nyttast for alle dei tre alternativa. Til dømes kan det i alternativ A nyttast flytebru eller røyrbru, men ikkje høgbru.

I innspelet frå Eid kommune er det lagt opp til at val av trasealternativ ikkje skal gjerast før det ligg føre meir konkrete planar for sjølve bruløysinga.

I Fylkesmannen si vurdering blir det også halde fram at alternativ A er det beste med omsyn til biologisk mangfald og bruk av landbruksareal.

På grunnlag av dette er Fylkesmannen sjeldant klar i si tilråding: «Ut frå opplysningane som ligg føre, rår vi sterkt til at alternativ A vert valt i det vidare planarbeidet, og at det vert jobba vidare for ei bruløysing som kan nyttast i denne traséen.»