Leilegheitsbygget vil få tre 4-roms leilegheiter i hovudetasjen og seks eittroms leilegheiter i sokkeletasjen. Bygget er tilpassa både småbarnsfamiliar, einslege og par. Bustadane er planlagt finansiert gjennom statlege tilskot frå Husbanken (30%) og husleige frå bebuarane. Det eksisterande bygget på tomta skal rivast. Det nye bygget blir omlag på storleik med det gamle.

− Sosial bustadbygging er ein føresetnad for at alle innbyggjarar skal kunne bu trygt og godt, uansett sosiale, helsemessige eller økonomiske føresetnader. Med gode statlege tilskotsordningar er sosial bustadbygging no fullt ut gjennomførleg for dei fleste kommunar, og det er svært gledeleg at vi no får erstatta det nedslitne gamle leilegheitsbygget i Prestealleen med ti nye bustader med god standard. Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Det er planlagt riving av eksisterande bygg og byggjestart for det nye leiligheitsbygget rett etter ferieavviklinga i sommar. Bygget skal stå ferdig for overtaking i juni 2017. Prosjektet har ei kostnadsramme på ca 16 mill NOK, finansiert med statlege tilskot og husleigeinntekter.

Bygging av nye kommunale bustader i Prestealléen 33 er ein del av Eid kommune sin bustadsosiale handlingsplan som vart vedteken av Eid kommunestyre i 2013. Planen har målsetjing om at Eid kommune skal kunne tilby bustader til personar som har vanskar med å skaffe seg bustad sjølve. Eit viktig mål for bustadsosialt arbeid er ei variert lokalisering av bustadane, slik at flest mogeleg skal kunne bu i ordinære bustader og vere ein del av det vanlege bumiljø.

Eid kommune har arbeidd systematisk med realiseringa av bustadsosial handlingsplan sidan kommunestyrevedtaket i 2013 og har i løpet av dei to siste åra bygt meir enn 30 sosiale bueiningar:

Eidsgata 25 – 6 leiligheiter (ferdig 2015)

Messehagen – 4 leiligheiter (ferdig 2015)

Fjellvegen 2 –  9 bueiningar  (3 leilegheiter, 6 hyblar, ferdig juli 2016)

Golvsengane 46  –  3 bueiningar (2 leiligheiter, 1 hybel, ferdig juli 2016)

Øyane – 1 leiligheit (ferdig 2017)

Prestealleen - 9 leilegheiter (ferdig 2017)

Fasade mot sør. Foto: Illustrasjon Veidekke
Fasade mot Nord. Foto: Illustrasjon Veidekke.