Det er spesielt på ettermiddag og kveldstid fredagar og laurdagar at uønskt oppførsel frå barn og unge har blitt større den seinare tida.

– Når det gjeld uønskt framferd som hærverk, trakassering av kundar og nasking i butikkane, har miljøet blitt merkbart større den siste tida. Det ser ut til at det har gått sport i å prøve seg, seier senterleiar for Amfi Nordfjord, Gro Gjerdevik.

Vil stoppe utviklinga

Ho fortel at problemet ikkje berre gjeld daglegvarebutikkar, og at ein konsekvent melder nasking til politiet.

– Å berre vifte med peikefingeren har sjeldan god effekt. Vi har dessverre måtte gå til det skrittet å melde barn og unge for å stele ein bolle for å stoppe problemet, og forhåpentleg vis sørgje for at det blir første og siste gong dei stel, seier Gjerdevik.

– Positivt at ungdom er ute

Ho understrekar at ho ikkje meiner at ungdom berre skal sitje heime på ettermiddagar og kveldar.

– For første gong på lenge har ungdomsskuleelevar byrja å vere ute, og det er i seg sjølv berre kjekt, så lenge dei oppfører seg. Vi opplever at vaksne blir peika på og ledd av. Barn som spring rundt og leikar gøymsel i butikkar og i senteret og at dei ikkje høyrer etter når vaksne snakkar til dei. Dette er berre trist, seier senterleiaren.

Oppmoding til foreldre

Amfi Nordfjord opplever ein del uønskt åtferd frå ungdom samtidig med at det blir arrangert nattkafé på Eid kyrkjetun fredagskveldar.

– Mange har det kjekt på kyrkjetunet, men ikkje alle dei som fortel foreldra at dei skal på nattkafé oppheld seg der. Dei trekk mot kjøpesenteret, og dette bør foreldre ta tak i. Det er ikkje nok å køyre dei til nattkaféen og avtale henting nokre timar seinare. Foreldre bør følgje betre med, og gjerne dukke opp umeldt for å sjekke kva barna deira driv med, seier Gjerdevik, som understrekar at ungdom skal ha lov til å gjere feil.

– Vi har alle vore unge, men det må vere lov for vaksne å gje klar beskjed når det er på sin plass. Ikkje minst bør foreldre snakke med sine eigne barn om kva som er greitt og ikkje, seier senterleiar ved Amfi Nordfjord, Gro Gjerdevik.

Uniformerte vektarar

Amfi Nordfjord har no tilsett uniformerte vektarar.

– I dag (onsdag, journ. mrk) byrja vi med uniformerte vektarar i senteret, seier Gro Gjerdevik, som legg til at dei også har sivile vektarar.

Amfi Nordfjord har rundt 200 overvakingskamera.

– Der kan vi gå inn i ettertid og sjekke, når uønskte hendingar har skjedd. Dette betyr at om ein føler at ein har sleppt unna der og då, er det slett ikkje sikkert at det blir det endelege resultatet. På dette området har vi eit tett samarbeid med politiet, understrekar Gjerdevik.

Ho fortel at fleire butikkar i senteret opplever aukande grad av nasking blant ungdom.

– Dette er veldig trasig, spesielt for dei mindre butikkane, då det går direkte på botnlinja.Mange ungdomar har blitt tatt og melde til politiet, fortel senterleiaren, som etterlyser andre alternativ på kveldstid for ungdom enn organisert idrett og kulturaktivitetar.

– Eg saknar at ungdomen sjølv tar litt tak. Til dømes hadde det vore kjekt om ein kunne hatt fleire arrangement i Gymmen gjennom året. Det er mange vaksne som vil hjelpe til og stille opp som vakter, seier senterleiar Gro Gjerdevik.