– Dette er rett bruk av pengar. Er det noko folk i Eid er opptekne av, så er det dette, påpeika Eli Førde Aarskog (H).

Sigurd Reksnes (Sp) gav i formannskapet ros for god jobbing i Nordfjordbrua AS.

– Det er gledeleg at ein del avklaringar er på plass, sa Siri Sandvik (Ap).

– Eg trur det politisk sett er fullt realiserbart, kommenterte Tore Hjelle (H)

Analysen som Nordfjordbrua AS no har søkt om tilskot til, er tiltak som må gjennomførast for å få gehør for vidare utbygging frå vegvesenet og regionale og sentrale styresmakter.

–Krystallklar prinsippavklaring

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er styreleiar i Nordfjordbrua AS. Han orienterte om stoda i forkant, men gjekk frå som ugild under handsaming av saka i formannskapet.

Bjørlo understreka at ein har fått ei krystallklar prinsippavklaring av at bru mellom Lote og Anda er eit ferjeavløysingsprosjekt som Eid og Gloppen har full rett til å jobbe vidare med.

– Det er klarert heilt til topps at vi kan jobbe med ferjeavløysing, poengterte han.

Felles kommunedelplan

Eid og Gloppen held på med å lage ein felles kommunedelplan som handlar om å setje av naudsynt landområde og tre hovudalternativ for kryssing ligg i høyringsdokumenta. Kommunedelplanen kjem truleg til politisk handsaming i oktober.

Styret i Nordfjordbrua meiner at strekninga Lote-Anda er perfekt for å prøve ut ny flytebruteknologi.

– Det er fleire faktorar som peikar i positiv lei, ikkje minst avklaringane som har kome når det gjeld 40 år med ferjeavløysing også på riksvegferjer, merknaden om at det bør leggast til rette for pilotprosjekt og at ein opnar for fleksibilitet slik at tidsramma for brukarbetaling kan utvidast.

–I styret vert det no jobba i ulike retningar for å kome vidare, fortalde Bjørlo.

Ferjefri kryssing

Nordfjordbrua AS vart skipa i desember 2007 med formål å arbeide for bygging av ferjefri

kryssing over Nordfjord mellom Anda i Gloppen kommune og Lote i Eid kommune. Eigarar av selskapet er Eid kommune, Gloppen kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og Gloppen Næringsorganisasjon.