Dette stadfestar lensmann Tormod Hvattum.

– Vi har registrert ein auke i butikktjuveri i haust, spesielt den siste månaden. Dette gjeld først og fremst butikkar i Amfi Nordfjord, seier lensmannen.

Han fortel at problemet særleg er knytt til ungdom.

– Vi er bekymra for nokre årsklassar. Her er det snakk om ungdomsskulealder, seier Hvattum, som legg til at politiet så langt det er muleg prøvar å ta fotpatruljar inne i senteret med jamne mellomrom.

– Vi har eit veldig godt samarbeid med Amfi Nordfjord, seier lensmannen.

Han fortel at politiet legg vekt på å besøke skular, der dei fortel om blant anna nettvett og rusbruk.

– Dette er ein del av strategien i nærpolitireforma. Vi er opptatt av å førebygge, seier Hvattum.

Han minner om at det for dei som er over den kriminelle lågalderen kan få konsekvensar å ha bøter for tjuveri og hærverk på rullebladet.

– Det kan gje færre mulegheiter innan enkelte yrkesvegar, og problem med å få visum til nokre land, seier Hvattum.

Møte om oppvekstmiljø

Foreldreutvalet (FAU) ved Eid ungdomsskule inviterer alle føresette til elevar på 8., 9. og 10. trinn til temakveld førstkomande måndag om oppvekstmiljøet i Eid. Tema er mellom anna rus, steling og åtferd. Politiet vil vere til stades for å informere om kva som rører seg i bygda.

– Det er viktig at vi foreldre er opplyste og viser at vi bryr oss, seier FAU-leiar Jannicke Kupen. Ho håper at foreldre og føresette tek seg tid til å møte opp, sjølv om vi no er inne i ei hektisk førjulstid.