Din Bustad AS har kjøpt eit areal på 5,7 mål av Winni Yri bak blokka i Lunden på Nordfjordeid.

− Reguleringsarbeidet er starta opp og utvikling av området og bygging vil starte så etter at regulerings- og planarbeidet er sluttført, seier Vegard Meland som ikkje legg skjul på at utvikling av tomtearealet er utfordrande.

− Sjølv om området har sine utfordringar, så vil eg legge til at området er eit av dei flottaste sentrumsnære bustadområdet på Nordfjordeid når det kjem til plassering og utsikt. Nettopp plassering, nærleik til skule, barnehage og alle sentrumsfasilitetar gjer truleg bustadane lettare å omsetje.

Konsentrert bustadmasse

− Kvifor byggje blokker?

− I Eid kommune sin plan for bustadbygging i sentrum, er det peikt på at sentrumsnær bustadbygging bør vere konsentrert, altså at ein utnyttar tomtearealet til flest muleg bueiningar. Bin Bustad AS - Boligpartner sin plan er å utnytte det vel fem mål store området på best muleg måte.

− På kva tidspunkt forventar du at de kan starte bygginga?

− Vi har starta reguleringsarbeidet, rundt 80 naboar er varsla og gjort kjende med planane. Bygginga vil starte når Eid kommune har godkjent byggeplanane til Din Bustad, seier Vegard Meland.

Utfordrande område

− Når ein står på «Eids tak», som du omtalar det som, så ser ein raskt at dei som vel å kjøpe bustad her vil få ein heilt eineståande utsikt over sentrum og fjorden, men snur ein seg så kan ein under seg over kor mykje fylling som skal til om heile området mellom «haugane» skal planerast. Korleis tenkjer de at området skal utviklast?

− Det er litt tidleg å seie heilt nøyaktig korleis området kjem til å sjå ut. Eg reknar vel med at vi må ta sikte på å bygge blokkene på to  plan. Området som vi no skal ta i bruk har same grunn som anna bustadmasse i området. På Golvsengane er det leire, her er det sand, som på resten av Eid. Det eg kan seie er at det blir mykje gravearbeid. Men som sagt så er det litt tidleg å vere veldig konkret i dag, seier Meland som nyleg har ferdigstilt ein tomannsbustad på Haugen.

Godt samspel

− Prosjektet med tomannsbustaden som vi ferdigstilte rett før jul kom i stand etter eit godt samarbeid med grunneigar Vidar Haugland. Vårt firma kjøpte tomtearealet av Vidar, mot at han kjøpte den eine seksjonen. For å få til ei god utvikling, er det viktig at folk som Vidar Haugland, som brenn for å utvikle bygda, er villige til å ta litt risiko, seier Vegard Meland.

− I ei tid der det knapt er bustadtomter å oppdrive på Haugen, var det ikkje vanskeleg for meg å gå inn på den avtalen som Vegard viser til. Den seksjonen av bustaden som eg kjøpte legg vi no ut for sal, seier Vidar Haugland som kan opplyse om at ein ny tomannsbustad er under planlegging på nabotomta til den som no står ferdig.

Din Bustad AS har kjøpt eit areal i Lunden. Planen er at det skal bygast to bustadblokker, kvar på fem etasjar, på det 5,7 mål store området. − Eit utruleg spennande prosjekt på taket av Eid, seier Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS, som vedgår at det blir ein rimeleg stor jobb å tilrettelegge arealet før bygginga kan settast i gong. Foto: Tormod Flatebø
Tomannsbustader av den typen som vi no er ferdige med på Haugen, er ideelt for mennske i etableringsfasen. Bustaden har låg inngangsbillett, i tillegg til at den ligg nær skule og barnehage, seier Vegard Meland og Vidar Haugland. Foto: Tormod Flatebø