Det er visst slik at Lothepus har fått oppdraget med å sprenge Stad Skipstunnel, noko han tydelegvis tek på alvor med røyken i kjeften og ølet på innerlomma.

Frå scena vart det også klart at det er Myklebustskipet som skal vere første skip gjennom Stad Skipstunnel, og ikkje minst at det er Eid mannskor som skal ro skipet. Kanskje det kan vere eit lokkemiddel til å få fleire til å bli med i mannskoret, håpar dei.

Mannskoret hausta ståande applaus etter førestilliga.