I Gjerdane Barnehage er dei 50 barn og 15 tilsette. I tillegg er det knytt opp 2 spesialpedagogar som er delt på alle barnehagane i Eid kommune.

(Klikk på pil til høgre på bildet for å bla i bilda).

– Vi vil at alle som arbeider i barnehagen skal vere fagarbeidarar, og ikkje berre assistentar. Her har vi to pedagogar i kvar avdeling, og dei andre er assistentar eller fagarbeidarar. Vi vil at det skal leggast til rette for at alle som vil utdanne seg til fagarbeidar skal kunne det. Men det er også viktig å poengtere at vi ikkje kunne klart oss utan assistentane. Det er samansettinga av dei tilsette som er viktig, seier barnehagestyrar Tove Starheimsvik.

Får ny tilkomst

I dag er det innkøyrselen og hente og bringesituasjonane som er dei mest kaotiske for barnehagen, spesielt dei siste månadene der det har vore arbeidd i krysset med skulevegen med store maskinar, og innsnevring av vegbana.

– I samband med det ny omsorgssenteret Hogatunet vil det bli bygd gangveg på begge sider av vegen. Det vil gjere det tryggare for oss å gå med grupper av barn ut på tur. Då slepp vi å krysse vegen før vil kjem ned til krysset. Det blir også mykje tryggare i bringe- og hentesituasjonar for barn og foreldre med større parkeringsplass, seier Starheimsvik.

Nedslite ute og inne

Gjerdane barnehage vart privat starta i 1988. I dag er den eigd av Eid kommune. Barnehagen er 29 år gammal, og den nyaste delen er 11 år. Barnehagen har framleis utvidingsmulegheiter mot aust, viss det skulle bli behov for det. Det er Eid kommune som eig grunnen like aust. Det er også der ungane i barnehagen gjerne akar.

– Det er kjekt at oppvekst- og kulturutvalet kjem og ser korleis vi har det. Det gir dei ei større forståing av kva utfordringar vi har, og lettare for oss på bringe på bane ting når dei veit korleis vi har det. I vår barnehage har vi eit fantastisk uteområde, men det er svært nedslite. Bygget er også nedslite, men ikkje noko vi går og gremmer oss over til dagen. Kvaliteten på barnehagen ligg ikkje i bygget, men det mellommenneslege i dei ressursane vi har og haldningane deira. Vi håper likevel at vi ligg som neste på lista til å få midlar.