– Vi held på med ei stor vervingskampanje, og håpar at fleire vil komme og vere med oss på Seniordansen. Ein treng ikkje ha forkunnskapar for å komme. Sjølv synest eg det er flott om ein kjem hit før ein vert pensjonist også, i sekstiåra til dømes. Og vi vil gjerne at fleire menn blir med, seier Astrid Henden.

Astrid Henden var ei av dei som var med å starte Eid Seniordans i 2000, i dag er dei 20 medlemmer

Godt for alt

– Det er veldig viktig at ein ikkje sluttar å bevege seg, når ein blir eldre. I dansen er det trinn ein skal hugse, og lære seg, og det skjerpar konsentrasjonen. Hjernen lærer, og hukommelsen kan ein trene heile livet, seier Siv Langøren Rotevatn, som er fysioterapeut.

At ein blir glad av å danse er det ingen tvil om.

– Dette er førebyggande arbeid av beste sort, og så er det veldig kjekt å danse. Musikk går rett inn hos alle menneske, både hos babyar og demente eldre. Ein begynner automatisk å gynge med når ein høyrer musikk, det er ein basal evne vi har, ikkje noko ein lærer men noko ein kan, seier Langøren Rotevatn.

Førebyggande arbeid

– Ein blir glad av å danse. Eg har sett folk som har sitte i møte heile dagen, og når dei kjem på kvelden og dansar, så ser dei plutseleg 10 år yngre ut, seier Astrid Henden.

Dei har utdanna mange instruktørar opp igjennom tida, og pleier å besøke dei andre danseringane i fylket innimellom. Per i dag finst det 32 danseringar.

Målfrid Ekroll er instruktør og lærer dei andre medlemmane trinna til dei nye dansane.

– Sjølv om det er mange steg, og forskjellige dansar til kvar melodi så lærer ein det etter kvart. Ringdans er veldig greitt for då kan dei som har litt dårleg balanse halde nokon i hendene på kvar side, seier ho.