Silkeføre og god stemning

Harpefossen har flotte forhold i skibakken, og har produsert nok snø som skal halde seg over vinterferien. Endeleg opna bakken att, etter fleire dagar med snøproduksjon. Det har i alt vore femten snøkanonar i sving heile veka, og har dermed sikra nok snø i Enerskiheisen og barnetrekket til vinterferien. I tillegg blir Fjellheisen også open opp til Lyslehogen. Kulden i førre veke har altså blitt redninga for Harpefossen når det gjeld vinterferien.

Skal bli endå større

Dei fem ungane: Eila, Mathias, Leni, Victoria og Caroline var ivrig i gang med å grave ei djup snøhole.

Er det ikkje kaldt då?

– Neeeei, vi har gode varme kle, ropar dei i kor.

Kva med fingrane då? Er dei kalde?

– Neeeei, gjentek dei.

Men så synest Mathias at hanskane kanskje er begynt å bli litt våte, men det gjer ikkje noko, for no skal hola bli endå større.

La jernriva ligge

Nedst i bakken står Gunn Guddal og er vakt. Ho seier folk inne på Eid antakeleg held på med vårpussen i hagane sine, og at dei gløymer at Harpefossen har så flotte forhold.

– Eg synest dei bør ta seg ein tur i bakken, for her er det verkeleg flott no, seier Gunn Guddal.

­– Det er silkeføre. Veit du kor mange liter vatn dei har brukt på å produsere snø, spør Leif Sønderland (68) som står klar til å ta på snøbrettet.

Eg svarar som sant at eg ikkje har aning.

– Dei brukar 75 liter i sekundet, det blir 4500 liter i minuttet, og 270.000 liter i timen, svarar Sønderland.

Leif spenner på seg snøbrettet og tek turen heilt til toppen for å nyte silkeføret og den fantastiske jobben som Harpefossn skisenter legg ned for at barn, vaksne og godt vaksne kan ha ei triveleg oppleving i bakken.