MATFEST: Frå h. Doris Elin Grimstad Sunde og Marita Telvik Torheim koste seg med god mat og kjentfolk under matfestivalen i Eidsgata laurdag. (Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

MATFEST: Frå h. Doris Elin Grimstad Sunde og Marita Telvik Torheim koste seg med god mat og kjentfolk under matfestivalen i Eidsgata laurdag. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Eid Gatematfestival ein stor suksess

Tusenvis stimla saman for å nyte smaksbomber

Det var svært folksamt i Eidsgata på laurdag, då folk frå eit stort omland stimla saman for å nyte god mat.

– Nydeleg, dette var ufatteleg godt! No har eg prøvd to porsjonar, og er klar for alt. Det er kjekt å smake på mest mogleg, smiler Rune Rasmussen frå Eid. Han var ein av mange som storkoste seg på den første gatematfestivalen på Nordfjordeid.

Lang kø

Køen var lang framfor Kristoffer Lofnes frå det norske kokkelandslaget. Mange ville smake kokketaco med mangosalsa og chillimayo.

– Det er kjempekjekt, men varmt over grillen, gliste kokken, som jobba i hurtig tempo for å mette flest mogleg.

– Dette er heilt perfekt, og veldig kjekt at så mykje folk har kome på matfestivalen vår. Eg trur eg aldri har sett så mykje folk i Eidsgata før, seier initiativtakar Leon Knapskog.

Knivsliping

Terje Nes frå Eid var storfornøgd over å få slipt knivane sine av Tom Leivdal.

– Endeleg får eg slipt knivane etter 15–20 år. Den eine er ein fiskekniv, så no er det berre å fiske og sløye. Eg har sjølvsagt bryne sjølv, men må nytte meg av dette når høvet er der. No skal eg av stad og smake på maten her, tømme lommeboka og fylle magen. Matfestivalen er eit utruleg flott initiativ av Leon, smiler Nes. Han hadde passa på å vere skikkeleg svolten før han stilte på matfesten.

Stemning i gata

Smake gjorde også Irene og Tor Aanestad frå Måløy/Stavanger.

– Det smakte med ein burger, og vi skal vel få plass til litt til. Det er svært hyggeleg med matfestival, og høyre summinga av masse menneske. Og så er det gjort så flott i stand med vimplar i gata som skapar ekstra stemning. Då blir det fest, seier dei.

Også Natalie Stenberg frå Eid/Ålesund var superfornøgd med matfest i heimbygda.

– Dette og Malakoff må vi sjølvsagt få med oss. Det er kjekt når noko skjer her, seier ho, som meir enn gjerne venta i 20 minutt i kø for å smake kebab med langtidsgrilla lam hos Khang Doan.

– Det var verdt ventinga, konstaterte ho etter ein stor jafs.

– Eg har ikkje ete før i dag, fordi eg skulle vere skikkeleg svolten når eg kom hit. Og ein vert no litt innhola av å stå her og vente, smiler ho, før ho jakta etter nye smakar hos andre kokkar.

– Alt er godt

Også hos Stad kystmat var det lang kø for pulled pork.

– Her går det unna, smiler Mads Jonsson.

Dagny Sunde frå Eid stilte med popkornmaskin, noko som var populært hos den yngre garde.

– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle selje så mykje som eg har gjort, smiler ho.

– Fortreffeleg spansk tapas av Øyvind Haugland, konstaterer Jeanette Heimsæter, midt i folkehavet i Eidsgata. Ho kom skrubbsvolten på matfest, og då vi møtte henne hadde ho allereie ete seg gjennom fire smaksbomber.

– Alt er veldig godt, og dette er eit fantastisk tiltak. Eg håper matfestivalen vert fast tradisjon, seier ho.

Utselt

Bente Vonheim frå Stårheim driv Kraftstasjonen i Måløy. Ho serverte bakt potet med spicy klippfisk.

– Eg var spent og usikker på korleis det ville gå med å servere fisk her. Men eg var utselt etter 1 1/2 time, og det er heilt fantastisk, smiler Vonheim nøgd, før ho hastar vidare for å hjelpe dei andre kokkane.

Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nydeleg! Verdt å vente på.

Tradisjon: – No har eg prøvd fire ting, og det er heilt fantastisk. Eg håper matfestival vert ein fast tradisjon, seier t.h. Jeanette Heimsæter frå Eid.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Tradisjon: – No har eg prøvd fire ting, og det er heilt fantastisk. Eg håper matfestival vert ein fast tradisjon, seier t.h. Jeanette Heimsæter frå Eid. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Samarbeid: Kokkane Bente Vonheim, Leon Knapskog og Kristoffer Westvik Lofnes jobba hektisk for å mette ei full Eidsgate med folk.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Samarbeid: Kokkane Bente Vonheim, Leon Knapskog og Kristoffer Westvik Lofnes jobba hektisk for å mette ei full Eidsgate med folk. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Ventetid: – Ventetid i matkø på tjue minutt er verdt det, for det smakar fantastisk, meiner f.v. Siri Nikoline Leivdal og Natalie Stenberg.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Ventetid: – Ventetid i matkø på tjue minutt er verdt det, for det smakar fantastisk, meiner f.v. Siri Nikoline Leivdal og Natalie Stenberg. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Grill: – Her går det unna med tapas, konstaterer Øyvind Haugland frå Eid.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Grill: – Her går det unna med tapas, konstaterer Øyvind Haugland frå Eid. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Festleg: Irene og Tor Aanestad frå Måløy/Stavanger storkoste seg med burger under matfestivalen. – Summinga av alle folka og vimplar i gata gir feststemning, meinte dei.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Festleg: Irene og Tor Aanestad frå Måløy/Stavanger storkoste seg med burger under matfestivalen. – Summinga av alle folka og vimplar i gata gir feststemning, meinte dei. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Honning: Bente Ryandsholm frå Hennebygda selde sin lokale honning.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

Honning: Bente Ryandsholm frå Hennebygda selde sin lokale honning. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

SVOLTEN: – Heilt fantastisk. Dette er litt anna enn vanleg kvardagsmat, meinte Rune Rasmussen frå Eid, medan han koste seg med ein smaksrik burger.
(Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

SVOLTEN: – Heilt fantastisk. Dette er litt anna enn vanleg kvardagsmat, meinte Rune Rasmussen frå Eid, medan han koste seg med ein smaksrik burger. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes