Tema

tirsdag 25.01 2022

Konsekvensar av redusert kommunal formuesskatt

– Kommunen må bere tapet

Det er den enkelte kommunen som må bere belastninga av redusert formuesskatt dersom dei vel å gjere dette.

fredag 21.01 2022

– Vi har kome oss gjennom pandemien på ein god måte

– Då samfunnet vart stengt ned den 12. mars 2020, sende vi ut permitteringsvarsel til alle våre tilsette. Etter sommarferien det same året var alle tilbake på jobb. Sjølv om vi har blitt hardt råka, vil eg seie vi har kome oss gjennom utfordringane på ein god måte

torsdag 20.01 2022

Selje

-Absolutt interesse for å byggje nytt helsehus

Planane for det nye helsesenteret i Selje er no klart, og nabovarsel er sendt ut.

onsdag 19.01 2022

Nabovarsel er sendt ut for det nye helsesenteret

Planane for det nye helsesenteret i Selje er no klart, og nabovarsel er sendt ut.

Heng etter med smitten - ventar auke

- Her i Stad heng vi etter med smitten, noko vi kan vere glade for, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

mandag 17.01 2022

Rasar over endring av Peresvegen

Michal Nygård rasar over planlagde endringar av Peresvegen på Flatraket.

– Dette er for å ruste oss for framtida

Fiskevegn AS og Kvernevik AS står bak initiativet for ei utviding av Flatraket næringspark.

Folkemøte om vidare planar på Flatraket

Fryktar planar vil øydelegge bygda

Bygdefolket på Flatraket i Stad fryktar eit utvida industriområde – midt i bygda.

fredag 14.01 2022

Stad går frå gult til grønt i barnehage og skule

Stad kommune går frå gult til grønt nivå i trafikklysmodellen frå og med måndag 17.januar 2022. 

tirsdag 11.01 2022

Ekstremvêret «Gyda» treff Vestlandet onsdag

Meteorologisk Institutt har sendt ut oransje farevarsel om mykje regn i Sogn og Fjordane frå onsdag ettermiddag til  torsdag kveld.

onsdag 05.01 2022

Etterlyser meir informasjon om sjøarealplan

- Om innbyggjarane skal få seie sitt om ei så viktig sak for bygda, må vi først bli informert om kva planar som eksisterer for framtida, påpeikar Arnfinn Kolerud på Flatraket.

mandag 03.01 2022

Siri Sandvik (Ap):

– Det er grunnleggande feil å tenkje slik

‒ Eg har vanskar med å forstå at heile Venstre si gruppe kan stille seg bak eit forslag om halvering av den kommunale formuesskatten, om det skulle kome til realitetshandsaming.

55 år og eldre får 3. dose denne veka

– Før jule- og nyttårshelga hadde dei fleste over 65 år fått den 3. vaksinedosen. Denne veka startar vi med dei over 55 år.

onsdag 29.12 2021

To vil vere ny einingsleiar for heimetenesta

To har søkt på stillinga som einingsleiar for heimetenesta i Stad kommune.

Alle elevar skal testast før skulestart etter juleferien

‒ Komande søndag vil vi levere ut hurtigtestar til alle elevar i grunnskulen, 1. til 10. klassesteg.

mandag 27.12 2021

Stad kommune:

Tilbyr tre millionar kroner for kjøp av kaianlegg i Lestovika

Med visse atterhald tilbyr Stad kommune tre millionar kroner for eigedom 264/7, som inneheld kaianlegg og landareal, i Lestovika.

mandag 20.12 2021

Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti – budsjettaparane

Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart dei store budsjettaparane då budsjett og økonomiplan vart vedteken i Stad kommune.

Kommunestyret vedtok breibandpakke

Kommunestyret i Stad vedtok på sitt siste møte å sette av 3,995 millionar kroner til kommunal finansiering av breibandutbygging for restområde i kommunen.

Knapt fleirtal i Kommunestyret sa ja til

Sal av aksjane i Fjordvarme AS

Mot 14 røyster, Sp, Frp og KrF, sa kommunestyret i Stad kommune ja til sal av kommunen sin aksjepost i Fjordvarme AS.

Fleirtal i Kommunestyret – «hermar» etter Bø i Vesterålen

Etter forslag frå Venstre, Høgre, Frp og KrF, vedtok kommunestyret med 18 mot 15 røyster å greie ut følgjene av å halvere den kommunale delen av formuesskatten frå 2023.

fredag 17.12 2021

Kommunedirektør Åslaug Krogsæter

Status for omstillingsprosjektet i Stad

– Vi har eit svært godt samarbeidsklima som gjer at vi skal kunne klare å dra i lag.

torsdag 16.12 2021

Vedtok 2022-budsjett og økonomiplan for 2022-2025

Auka innsparingskrav - ingen endringar i eigedomsskatten

Kommunestyret i Stad vedtok i dag, torsdag 16. desember, eit budsjett for 2022 og økonomiplan for perioden 2022-2025 med større innsparing enn det kommunedirektør Åslaug Krogsæter la fram i sitt budsjettforslag.

tirsdag 14.12 2021

Kommunalsjef Harald Sivertsen:

‒ At det ville bli innstramingar var vi førebudde på

‒ Vi vil innrette oss etter dei påbod som regjeringa har kome med. Om ikkje nye restriksjonar blir innført tek vi sikte på å halde grunnskulane og barnehagane i Stad opne farm mot ordinær juleferie.

onsdag 08.12 2021

Lars-Svein Drabløs, leiar i Stad Eldreråd:

Altfor lite fokus på dei eldre sin situasjon

Det uroar meg at det er så lite fokus på dei eldre sin livssituasjon under pandemien, bortsett frå isolasjon når smittetala aukar. Det slit på folk og uroar meg. 

tirsdag 07.12 2021

40 koronasmitta siste to vekene - ikkje "villsmitte"

Dei siste 14 dagane er det samla talet på koronasmitta i Stad no om lag 40 personar. - Det er ikkje "villsmitte" i lokalmiljøet, meiner kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

mandag 06.12 2021

Ingen auke i halleige

Stad Sp føreslo i Formannskapet at satsane for halleige ikkje blir auka. Det slutta alle seg til.

Stad kommune sel aksjane i Fjordvarme AS til Nordplan AS

Formannskapet i Stad sa sist torsdag ja til sal av Stad kommune sine 4827 aksjar i Fjordvarme AS

Løyvde 65.000 kroner til sekshjuling

Formannskapet i Stad løyvde sist torsdag 65.000 kroner til Fellesanlegget på Tua til kjøp av sekshjuling.

Aukar innsparingskravet med 23,7 millionar over tre år

Fleirtalet i Stad formannskap vedtok Venstre og Høgre sitt framlegg til budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022–2025.

Smittesituasjonen i skule og på omsorgssenter

To nye elevar er smitta

To nye elevar er koronasmitta ved Nordfjordeid skule. Det gjeld ein elev i klasse 1B og ein i 4B. – Så er det gledeleg at vi ikkje har noko meir smitte ved Hogatunet, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Barbro Os Noste, hovudtillitsvald i Fagforbundet, med spørsmål til politikarane:

– Kva er det vi ikkje skal gjere?

– Vår konklusjon, etter den politiske handsaminga av budsjett og økonomiplan i finansutval og formannskap, er at kommunedirektøren sitt framlegg er det vi vil råde politikarane til gå for.

Siri Sandvik, varaordførar Ap

– Uansett kva vi gjer vil vi bryte fleire punkt i avtalen

– Den siste tida har det vore mykje fokus på kor Stad Ap vil lande i budsjettsaka, i famnen til Venstre og Høgre, eller køyre solo?

Paul Jacob Helgesen (Sp):

– Eit realistisk budsjett

– Vi har brukt mange timar på å gå gjennom budsjett og økonomiplan. Vi skyv på nokre inntektsmogelegheiter, og gjer ein del endringar som vi meiner er til beste for innbyggarane.

Kommunedirektør Åslaug Krogsæter:

– Kommunal kollaps i 2030

– Gjer vi ikkje noko fundamentalt er det kommunal kollaps i 2030.

fredag 03.12 2021

Budsjett i ei vanskeleg tid

– No er de med i ein eksklusiv familie

Nordplan AS er ein av få bedrifter i Stad som er blitt Miljøfyrtårn-sertifisert og fredag delte varaordførar Siri Sandvik ut diplomet.

Budsjett i ei krevjande tid

Ap vil sjølvsagt vere konstruktive med tanke på å få fleirtal for eit budsjett i kommunestyret 16. desember som er best mogleg for flest mogleg.

torsdag 02.12 2021

Tilskot til lokalt næringsliv

Desse får tilskot frå næringsfondet

17 verksemder i Stad kommune får no 395.000 kroner til fordeling frå kommunalt næringsfond.

Kommunedelplan for Sjøareal i Stad

Fem prosjekt ut på ny høyring

Tysdag denne veka vedtok Utval for areal og eigedom å sende oppdaterte planar, føresegner og oppdatert konsekvensutgreiing for næringsområde på Flatraket, Moldestad, Kjøde, Eide og Lesto på avgrensa høyring.

tirsdag 30.11 2021

Amalie får ungdommens kulturpris i Stad

Amalie Fure frå Selje får ungdommens kulturpris i Stad for 2021.

Desse får årets kulturpris i Stad

No er det klart. Kostymegruppa til Opera Nordfjord ved Anne Regine Sønderland får kulturprisen for 2021 i Stad kommune.

Bestilt fleire vaksinar – set opp ekstra dag

Stad kommune har bestilt ekstra vaksinar og har no sette opp ein ekstra dag med oppfriskingsdose.

torsdag 25.11 2021

– Vi erstattar einingsleiarar og avdelingsleiarar som sluttar

– Stillingsutlysingane som vi no har ute i Helse og omsorg, gjeld erstatning for folk som sluttar, seier kommunalsjef Barbro Longva.

Fakta om HO-budsjettet

Innsparingsbehovet for tenesteområdet Helse og omsorg i Stad kommune er på 18,6 millionar kroner. Fire millionar er føreslått tatt i 2022, resterande 14,6 millionar i økonomiplanperioden 2023–2025.

Marilyn Osmundsvåg, utvalsleiar for Helse og omsorg, om budsjettet 2022 og økonomiplan 2022-2025:

– Det blir utfordrande framover

‒ Ser vi isolert på budsjettkutt på fire millionar kroner som er føreslått i 2022, så er det mogleg å få til i og med at ein del av kutta/innsparingane allereie er gjort.

onsdag 24.11 2021

Stad skipstunnel

Ordførarane vart overraska med gåve

– Vi vart tatt litt på senga, innrømmer Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande.

tirsdag 23.11 2021

Idretten i Eid inviterer kommunen til

Samarbeid og samhandling

– Vi ber ikkje om pengar til ein ny fotballhall, vi ber om at vi no må starte planarbeidet for kva anlegg vi skal ha og ikkje minst kor dei skal lokaliserast.

mandag 22.11 2021

Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør:

– Vi byrjar å få dårleg tid

‒ Det viktigaste vi skal gjere framover no er å støtte om dei aktørane som ønskjer å nytte seg av den moglegheita Stad Skipstunnel opnar opp for, og som har kome med innspel til prosjekt dei ønskjer å starte opp med i samband med skipstunnelen blir prosjekterte, regulerte og finansierte.

Budsjett og økonomiplan drøfta i Finansutval og Formannskap

Få konkrete innspel og signal frå politikarane

Det var smått med tilbakemeldingar for korleis årets budsjettutfordring skal løysast då Finansutval og Formannskap hadde saka føre sist torsdag.

søndag 21.11 2021

Bokslepp

Bygdebok for Eid

– Som leiar for Boknemnda, Bygdebok for Eid, er eg både stolt og glad når vi i dag kan sleppe første bandet av Bygdebok for Eid.

lørdag 20.11 2021

Stad kommune

Talet på årsverk auka med 41 i 2021

– Auken i talet på årsverk i Stad kommune har vore heilt nødvendig for å oppretthalde tenstenivået i ein utfordrande periode.

fredag 19.11 2021

Tillitsvalde i Utdanningsforbundet

‒ No må politikarane ta ansvar

‒ Kutta som er føreslått i Oppvekst og opplæring blir smertefull. Ytterlegare kutt ut over 10 millionar i 2022 er ikkje mogleg å gjennomføre.

torsdag 18.11 2021

Håper salet tek seg opp så det flotte prosjektet blir realisert

‒ For oss var plasseringa av Lunden Bustadpark ein av fleire grunnar til at vi valde å kjøpe leilegheit i fjerde etasje i den første blokka i Lunden.

Lunden Bustadpark:

Relanserer Lunden Bustadpark med open dag

– Kor tid vi startar opp bygginga av den første blokka i Lunden Bustadpark, er avhengig av når vi oppnår minimumssalet.

onsdag 17.11 2021

Vil sjå nærare på saka

– Vi har registrert framlegget til kommunedirektøren, men partiet må gå nokre rundar før vi kan seie noko meir konkret.

Avtalen ligg i botnen

– Eg legg til grunn at samarbeidsavtalen ligg fast.

Judith Kvåle, leiar i Stad Ap:

– Vi kjem til å opptre ansvarleg

‒ Eg vil ikkje uttale meg konkret om Stad Arbeidarparti kjem til å støtte eller ikkje støtte kommunedirektøren sitt framlegg om å gjere endringar i eigedomsskatten.

‒ Det må ei kulturendring til i politikken

‒ Skal Stad kommune møte framtida på ein forsvarleg måte må politikarane syte for at den kommunale drifta er tilpassa inntektene kommunen faktisk har.

tirsdag 16.11 2021

Stad Høgre

Avviser endringar i eigedomsskatten

Stad Høgre gjekk til val i 2019 på å ikkje auke eigedomsskatt, korkje på privat eigedom eller næringseigedom, dette har vi ingen planar om å gå vekk i frå.

Satsar på stort drivhus

Stad kommune satsar grønt og til sommaren vert det drivhus med grønsaker, bønner, frukt og bær. Dei håpar også på å arrangere torghandel.

søndag 14.11 2021

Budsjett og økonomiplan for Stad kommune

Vil auke eigedomsskatten for private og innføre eigedomsskatt på næring frå 2023

Dei mest kontroversielle forslaga i kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-2025, er truleg auke i eigedomsskatten for bustader og fritidsbustader, innføring av eigedomsskatt på næring frå 2023 og ein kraftig bruk av kommunen sine «sparepengar»/disposisjonsfond i 2022.    

fredag 12.11 2021

Konkurrerer om å bli årets nynorskkommune

Tre kommunar i Vestland konkurrerer om prisen Årets nynorskkommune 2021. I finalen vert dei utfordra av Ål kommune i Hallingdal.

tirsdag 09.11 2021

Sjå kva Stad kommune har fått delt andreplass i

Stad kommune har fått delt andreplass i den nasjonale utdelinga av UKM turboprisen.

Stad kommune

Klart for allsidig kulturnatt-helg

Fredag er det klart for ny kulturnatt-helg i Stad.

mandag 08.11 2021

Føreslår Bjørlomona som næringsområde

Etterlyser ny næringspark ved Nordfjordeid

– No er det viktig å få på plass ein næringspark av god storleik på 50 mål, meiner gründer Ivar Moen.

Leikar med tanken om mikrohus til tilflyttarar

Stad kommune leikar med tanken om at mikrohus kan vere løysinga for nytilflyttarar som vil prøvebu distriktet.

fredag 05.11 2021

Utvalsleiar Gunn Sande (Sp):

– Vi nullstiller denne saka

– Eg finn det underleg at utval for Areal og eigedom handsamar ei klage frå meg på kommunalt vedtak så lenge eg ikkje har levert noko klage.

torsdag 04.11 2021

Rita Nyland (SV):

– Eg føler meg uthengt og mobba

– Det er mange måtar å utøve makt på, eg opplever det som har skjedd som uthenging og mobbing.

onsdag 03.11 2021

Turboprisen til Stad kommune

Stad kommune får Turboprisen for nytenking. – Vi måtte tenke nytt då pandemien kom, seier Maria Helgesen i Stad kommune.

mandag 01.11 2021

Ungdomsmiljøet på Nordfjordeid

– No må vi jobbe saman

– No må vi stå saman i den situasjonen vi har i dag, seier rektor Norunn Kjøsnes ved Eid ungdomsskule.

fredag 29.10 2021

Stenger Norsbrua i fire veker

Fv. 5745 vert stengd ved Nor frå måndag 8. november på grunn av vedlikehaldsarbeid.

torsdag 28.10 2021

Ber om svar om ledig næringsområde i ytre

– Kva ledig industriareal har kommunen i ytre del – i områda Flatraket, Selje og Leikanger?, spør Anita Otneim Hoddevik i Stad V.

–Korleis er framdrifta for FV 620?

– Korleis er framdrifta av regulering av fylkesveg 620?, spør Gunn Sande.

tirsdag 26.10 2021

– Ikkje her vi skal vere

– Eg vil gjerne vite kvifor Stad kommune har hatt ein kraftig auke i talet på årsverk.

Fylkesveg 620 Kjøde – Sandvik

– Ein livsfarleg skuleveg

‒ Den mest dyrebare transporten vi har, er borna våre. Etter mange år med krav om utbetring av fylkesveg 620, som også er skuleveg for mange skuleborn, er no tida inne for å gjere jobben.

mandag 25.10 2021

Har samla inn over 500.000 kroner

Stad har samla inn 574.575 kroner til inntekt for årets TV-aksjon NRK som går til kjempe mot barneekteskap.

søndag 24.10 2021

Vart tatt godt imot

I regn og vind har bøsseberarar gått frå hus til hus i heile Stad kommune denne søndagen.

fredag 22.10 2021

Over 100 bøsser i aksjon på søndag og fleire utfordringar på gong

Søndag 24. oktober er det klart for årets TV-aksjonen NRK, og over 100 bøsser rundt om i heile Stad vil vere i aksjon.

Næringsområde med kai på Lesto

Kan koste 80–100 mill.

Nytt næringsareal og djupvasskai på Lesto blir truleg veldig dyrt, og ein har førebels ingen konkrete interessentar som vil kjøpe areal.

torsdag 21.10 2021

Startar influensavaksineringa

I år er det god tilgang

Det er god tilgang på influensavaksinar i år ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld. Neste veke vert det vaksinering av risikogruppene.

Foreldre uroa over utrygt skulemiljø - ber om fire klasser pr. årstrinn

Foreldre til elevane i 7. klasse ber om at det vert fire klasser pr. årstrinn når elevane begynner ved Eid ungdomsskule.

tirsdag 19.10 2021

Kommunalsjef Astrid Fossheim Paulsen

‒ Målet å få opprusting av Korsen til politisk handsaming i november/desember.

Det seier Astrid Fossheim Paulsen, kommunalsjef for Kultur og Samfunn i Stad kommune, som svar på ei rekkje spørsmål Fjordabladet har stilt rundt opprusting av Korsen, sentrum på Leikanger. Bakgrunnen for spørsmåla er ei sak Fjordabladet hadde for vel to veker sidan. 

søndag 17.10 2021

Slik vert årets TV-aksjon i Stad

I år går TV-aksjonen NRK av stabelen 24. oktober. I motsetnad til i fjor, vert det både fysisk og digital aksjon i Stad.

lørdag 16.10 2021

Fokus på næringsrik, velsmakande delikat mat

Den siste tida har det vore mykje mediefokus på eldre i institusjon og underernæring. På Seljetunet er det fokus på næringsrik, velsmakande og næringsrik mat.

fredag 15.10 2021

Næringslivet på Stadlandet:

– Slutt å lappe – gul stripe på fylkesveg 620 Kjøde – Sandvik

‒ Tidlegare var det spesielt om vinteren at det var ei utfordring å kome seg fram på strekninga Kjøde – Sandvik på fylkesveg 620. Med aukande turisttrafikk og næringstransport, er det no blitt ei heilårsutfordring.

tirsdag 12.10 2021

Familiebedrifta Selje Trevare selt til Bygger’n

– Viktig å sikre vidare drift

– Då vi bestemte oss for å forsøke å få til eit sal av aksjeselskapa Selje Trevare og Selje Trevare Eiendom, var det avgjerande for oss å sikra vidare drift i Selje, og at eigedomsmassen blei teke godt vare på.

mandag 11.10 2021

Stadlandet Bedriftsforeining om opprusting av Korsen:

– Det er berre å trykke på startknappen

– Ei opprusting av Korsen, sentrum på Leikanger, har det vore snakka om svært lenge, men lite har skjedd. No er det Korsen sin tur.

Leiar i Stad Eldreråd, Lars-Svein Drabløs

– Politikarane har ein del utfordringar og tøffe prioriteringar

‒ Den saka som har vore mykje omtala i media den siste tida, viser i klartekst at vi har behov for fleire institusjonsplassar i Stad kommune.

Hjelle krins utviklingslag

Eit utviklingslag på offensiven og med vyar

Hjelle krins utviklingslag vil vere på offensiven. No planlegg dei kupert sykkelbane og ser mot framtida.

fredag 08.10 2021

Gunnar Silden er Venstre sin ordførarkandidat

Praktisk politikar som er opptatt av å få ting til å skje

‒ Eit av dei største fortrinna for Stad kommune, er at vi er blitt ein kommune frå kyst og innland. Det gjev den nye kommunen moglegheiter ein ikkje hadde før samanslåinga.

torsdag 07.10 2021

Ein halv million til Stad

Hovudtvalet for Næring i Vestland har tildelt overskotsmidlar for 2020.

Jaktar etter nye kulturprisvinnarar

– Kom med forslag til kandidatar til kulturprisane i Stad, oppfordrar kultursjef Geir Holmen.

tirsdag 05.10 2021

26 vil bli nytt hjelpepersonell ved Eid legekontor

Mange har søkt på stillinga som helsepersonell ved Eid legekontor på Nordfjordeid.

Stad, Vanylven og Kinn kommune får 750.000 for å skape ringverknader av Stad Skipstunnel

- Stad skipstunell vil opne ei heilt ny akse mellom Bergen og Ålesund, som kan utløyse ny grøn næringsutvikling. Difor har Agenda Vestlandet støtta prosjektet med 750.000 kronar

32 lag og organisasjonar har søkt om tilskot

Tildeling av kulturmidlar 2021

Kommunestyret i Stad har i år løyvd 350.000 kroner til kulturmidlar som skal fordelast mellom lag og organisasjonar i Stad kommune.

torsdag 30.09 2021

- Vi held oss til avtalen

Stad Ap har ingen planar om å bryte avtalen med Venstre om ordføraren.

Rita Nyland klagar på avslag om fritak

Rita Karin Nyland stiller spørsmål ved Stad kommunestyre si behandling av hennar søknad om fritak frå politiske verv grunna endra jobbsituasjon.

tirsdag 28.09 2021

Gunnar vert truleg vår nye ordførar

Gunnar Silden er Stad Venstre sin ordførarkandidat.

fredag 24.09 2021

Eid vidaregåande skule

Splitter nye padeltennisbaner opna - først i Vestland

Dei nye padeltennisbanene ved Eid vgs. er det første utandørsanlegget i Vestland. Fredag vart dei offisielt opna.

torsdag 23.09 2021

86 prosent av dei vaksne er fullvaksinerte i Stad

Vaksinestatusen i Stad viser at 86 prosent av dei vaksne er fullvaksinerte og 86 prosent i aldersgruppa 12-17 år har fått første dose.

tirsdag 21.09 2021

Eit meir attraktivt Nordfjordeid sentrum

No skal Nordfjordeid gjerast endå meir attraktivt.

mandag 20.09 2021

Næringsliv i Stad kommune

Desse lokale bedriftene får koronamidlar

24 lokale bedrifter får no koronamidlar.

– Litt rart å be Kystverket om å vere med å rassikre ein fylkesveg

Kommunestyret i Stad fekk på sitt siste møte lagt fram ei «løypemelding» om arbeidet med fleirbrukskai og næringsområde i Moldefjorden ved Lesto.

lørdag 18.09 2021

Ser ut til å kunne gå greitt

Det ser ut til å kunne gå greitt å få ein verdiauke i aktiv forvaltning som er minst på høgde med det som er budsjettert i Stad kommune for 2021.

fredag 17.09 2021

Gunn Sande (SP)

Etterlyste tilbakemelding frå fylkestannhelsetenesta

På det siste kommunestyremøtet i Stad hadde Gunn Sande eit oppfølgingsspørsmål etter interpellasjon om tannhelse før ferien.

Nyval på formannskapsmedlem og ordførar på oktobermøtet

Under det siste kommunestyremøtet, torsdag 16. september, orienterte ordførar Alfred Bjørlo (V) om si rolle som ordførar etter Stortingsvalet og om prosessen for eit eventuelt nyval av ordførar.

Stillte spørsmål om trafikktryggleik

Inviterer Statens vegvesen til kommunestyret sitt oktobermøte

‒Spørsmåla mine gjeld omsynet til born og unge som tek skulebussen frå Stårheim spesielt, og  mjuke trafikkantar mellom Bryggja og Eid generelt.

– Bryggja vil vere beste plassering

Bryggja peikar seg ut som hovudrasteplass for Rv 15 i Stad.

Flaumsonekartlegging

Rita Karin Nyland fekk ikkje fritak frå kommunale verv

Eit fleirtal i Kommunestyret i Stad avslo torsdag ein søknad frå Rita Karin Nyland om fritak frå alle  kommunale verv.

Nærgåande hjort i bustadområde - får skadefellingsløyve

Kent-Jonny Krabbestig på Flatraket har fått innvilga søknad om skadefellingsløyve på ei fjorkolle som har etablert seg i hagen.

Matvogn i sentrum har fått løyve

Kin-D Take Away Indrebø har fått løyve til mellombels plassering av matvogn ved Betania på Nordfjordeid i inntil 2 år, slik som omsøkt.

torsdag 16.09 2021

Her kan du følgje kommunestyremøtet i Stad direkte

onsdag 15.09 2021

Stiller spørsmål om symjeundervisninga

Jan Vidar Smenes, gruppeleiar i Stad Ap, stiller spørsmål når det gjeld symjeundervisninga for elevar i ytre del av Stad kommune.

Krev svar om skulevegen mellom Bryggja og Nordfjordeidyn osmundsvåg

Marilyn Osmundsvåg (V) vil ha svar på kva Stad kommune kan gjere for å betre situasjonen for skuleborn langs riksveg 15, spesielt dei som tek skulebussen frå Stårheim.

Desse vil bli ny pedagogisk leiar

Tre har søkt på jobben som pedagogisk leiar i Gjerdane barnehage på Nordfjordeid.

Desse vil bli ny frisklivskoordinator på Nordfjordeid

14 har søkt på stillinga som den nye friklivskoordinatoren på Nordfjordeid.

tirsdag 14.09 2021

Diskusjonen er i full gang om kven som blir ny Stad-ordførar

Både Gunnar Silden og Helle Frogner har signalisert at dei stiller seg til disposisjon til å bli ny ordførar i Stad etter Alfred Bjørlo.

mandag 13.09 2021

Stadlandet skule

Tar symjeundervisninga til havs

– Vi har verdas største symjebasseng rett utanfor her. Då nyttar vi det, seier Stig Ågedal-Mortensen, rektor ved Stadlandet skule.

Ikkje avklart om bassengtid på Åheim

Stadlandet skule og Selje skule har etterspurd tid i bassenget på Åheim skule.

lørdag 11.09 2021

Sommarhjelp-prosjektet

Fekk mange i arbeid

Frivilligsentralane i Eid og Selje er superfornøgde med Sommarhjelp-prosjektet som vart gjennomført i sommar. Frivilligsentralane i Eid og Selje tilbyr no eit nytt prosjekt – gratis yoga for 50+.

fredag 10.09 2021

Rekord av førehandsrøyster i Stad

Aldri før har så mange førehandsrøysta i Stad kommune.

Stor glede over pengeauke som sikrar pilegrimssenter

Det var reine hallelujastemninga i Selje prestegard i dag då det vart gjort kjent at tilskotsauke legg til rette for å etablere fast regionalt pilegrimssenter i Selje.

torsdag 09.09 2021

Vedtok felles tenestestandard for Stad kommune

‒ Det har ikkje vore utarbeidd ein tenestestandard for helse- og omsorgstenestene i dei gamle kommunane Eid eller Selje, slik sett er dette eit heilt nytt dokument.

Marilyn Osmundsvåg (V) om trafikktryggleik :

– Skulelevar må kunne føle seg trygge på skulevegen

– Statens vegvesen er altfor opphengt i statistikk.

Meiningar

Store planer for nytt hotell i Selje

Denne veka handsamar Stad kommunestyre nye hotellplanar for Selje sentrum. Investorane legg opp til eit gigantinngrep i strandsona.

tirsdag 07.09 2021

Ber om møte om trafikksikringstiltak i Hoddevika

Den krevjande trafikksituasjonen i bygda Hoddevik på Fv 5753 står på sakskartet når Stad-ordførar Alfred Bjørlo no ber om møte med Vestland fylkeskommune ved fylkesdirektør for samferdsle.

mandag 06.09 2021

Lars-Svein Drabløs, leiar i Stad Eldreråd, om framtidas eldreomsorg

– Fleire tilrettelagde bustadar

‒ I framtidas eldreomsorg må vi legge langt meir vekt å aktivere dei eldre, enn det vi gjer i dag. Vi må i langt større grad etablere tilrettelagde bumiljø som hindrar passivitet og einsemd.

fredag 03.09 2021

– Kven tek over om Alfred Bjørlo blir vald til Stortinget?

Alfred Bjørlo driv no ein intens valkamp for å sikre seg ein plass blant dei 169 utvalde. Spørsmålet mange stiller, er som skal flytte inn på ordførarkontoret?

Omsetting av eigedomar i Stad

Oversikta viser omsetting av eigedomar i Stad kommune i august månad.

torsdag 26.08 2021

Nedsett fartsgrense i Kviane vert forlenga

Det er no snakk om at den nedsette fartsgrensa i Kviane i Stad kommune skal forlengast.

Høyringsmøte om Regional Transportplan 2022–2033

Vegprosjekt i kø

– Med dei utfordringane vi har, og dei midlane vi har til rådigheit, så må vi prioritere, sa Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

tirsdag 24.08 2021

Sterkt imot meir oppdrett i Nordfjorden

Årskogvika Camping DA er sterkt imot at det vert etablert fleire lokasjonar med oppdrett/akvakultur i Nordfjorden i området Åseneset til Hunvika.

fredag 20.08 2021

Stad Hotell

Stor behov for fleire rom

Stad Hotell har stort behov for meir areal for vekst og utvikling i området rundt hotellet på Leikanger.

torsdag 19.08 2021

Folketalet aukar i heile Nordfjord

Vi blir fleire

Folketalet veks både i Stad kommune og i heile Nordfjord i 2. kvartal 2021, syner nye tal frå SSB. No har vi 9.535 innbyggjarar i Stad, ein auke på 15.

mandag 16.08 2021

Skulestart

Hanna (6) har litt sommarfuglar i magen

Seksåringen Hanna Aamot-Vikebø grugledde seg til skulestart, og hadde bitte litt sommarfuglar i magen før ho begynte i første klasse på måndag.

søndag 15.08 2021

Avslutta med å lage uro i Heggjabygda

363 unge på sommarskule i Stad kommune

Til saman har 363 unge i Stad kommune vore med på eitt eller fleire av dei 15 tilboda innan sommarskule i år. Medan 35 unge har hatt sommarjobb i regi av kommunen.

Nye omsorgsbustadar på Myroldhaug

– Her vil vi bu!

Heidi Garlid og Magnar Nilsen er ikkje i tvil. – Vi gler oss til å flytte hit, seier dei og ser utover dei nye omsorgsbustadane på Myroldhaug.

fredag 13.08 2021

Sosialistisk Venstreparti

Vil ha gratis SFO til alle

SV sitt store valløfte: Gratis SFO i heile landet. Dei vil innføre gratis SFO før og etter skuletid for alle.

torsdag 12.08 2021

Ein ny smitta i Stad

Ein ny person i Stad har torsdag kveld fått påvist korona.

For første gang på Nordfjordeid

Historisk sus over Garden-besøk

Hans Majestet Kongens Garde vitjar for første gang Nordfjordeid måndag.

Ny person i Selje er koronasmitta

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist koronasmitte.

Skule- og barnehagestart

– God utvikling for barnetalet

– Barnetala ser lovande ut både for skular og barnehagar i Stad, seier kommunalsjef Harald Sivertsen i Stad kommune.

søndag 08.08 2021

85 prosent har fått første vaksinedose i Stad

I Stad har no 85 prosent av alle innbyggjarar over 18 år fått første vaksinedose, og 47 prosent av alle over 18 år er fullvaksinerte.

lørdag 07.08 2021

Fleire vil bli ny planleggar i Stad kommune

Seks kvinner og seks menn har søkt på stillinga som ny planleggar i avdelinga Plan og forvaltning i Stad kommune.

Førebels få høyringssvar om sjøareal - no planlegg ein temamøte

Det har førebels berre kome inn nokre få høyringssvar i andre runde av sjøarealplanen. Stad kommune legg opp til eit felles temamøte når det gjeld akvakultur i heile Stad kommune.

fredag 06.08 2021

15 vil bli rådgjevar og koordinator i Stad kommune

15 har søkt på stillinga som rådgjevar og koordinator i Stad kommune.

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Torsdag kveld synte resultat frå testing gjort i Selje onsdag at éin person har testa positivt for covid-19. Personen testa seg på grunn av symptom.

Protesterer mot store inngrep i fjæra

Odd-Bjørn Fure, Jorunn Sem Fure og Håkon Sem Fure protestar mot planar om etablering av tilkomstveg til pumpestasjon for nytt kommunalt avlaupsanlegg langs naustrekkja deira, dette ligg inne i reguleringsføresegnene til detaljreguleringsplan for Leikanger.

torsdag 05.08 2021

Å grave fangdam for sand kan vere løysinga

– De som er eigarar i felleseiga får ta ein prat og finne ut kva som kan vere beste løysinga. Det er rådet frå landbrukssjefen i Stad kommune.

Håper å finne ei løysing

Treng tomt til ny pinsekyrkje på Leikanger

‒ Kva eigna tomt med rimeleg sentrumsnærleik på Leikanger ser administrasjonen i Stad kommune føre seg at vi kan byggje nytt kyrkjebygg på?

Blir opplært til å stå på scena

Denne veka har Opera Nordfjord sommarskule for elevar mellom 5. og 10. trinn. Der får dei lære dans, musikkteater og rekvisittdesign.

-Nordfjord går saman om framtidas grøne transportsystem

Nordfjordrådet har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune på 500.000 kroner til prosjektet «Grøn Transport Nordfjord».

tirsdag 27.07 2021

Stad kommune:

Bakterievekst i drikkevatnet

Gjennom regelmessige vassprøver utført av mat-miljø laboratoriet AS har dei ved fleire høve oppdaga høge verdiar av organismar og bakteriar i drikkevatnet. Kommunen gjer no tiltak for å senke verdiane.

mandag 19.07 2021

Ei veke med utfordringar

Camille inviterer til ei aktiv veke

Frå 20. juli til 26. juli inviterer Camille Blandin alle med på ei feriebildeutfordring.

onsdag 14.07 2021

Oppdaga brot på drikkevassforskrifta i kommunen

I eit skriv frå Mattilsynet har dei avdekka brot på drikkevassforskrifta §15 på fleire drikkevassbasseng i Stad kommune.

fredag 09.07 2021

Ingen fleire koronasmitta i Stad

Ingen fleire er koronasmitta i Stad.

torsdag 08.07 2021

Fjellglad ordførar henta med luftambulanse

- Luftambulanse kan verkeleg lande nesten kvar som helst. Det var vanvittig imponerande, kommenterer Stad-ordførar Alfred Bjørlo.

Nytt styre i Stad Vekst

– Vi må tore og tenke litt større

Liv Koller-Borg si nye rolle som styreleiar for Stad Vekst karakteriserer ho som ei spennande utfordring.

onsdag 07.07 2021

Ein person er koronasmitta i Stad

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune teter å ha fått påvist koronasmitte.

mandag 05.07 2021

Campus Nordfjord

– Moderne utvikling av ypparste merke

– «Campus Nordfjord» vil ha enormt stor betydning bode for Stad og Nordfjord, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Stad inn i samarbeid om rekruttering

Stad kommune går no inn i Nordfjord-samarbeid om rekruttering.

Selje prestegard

Opna dørene for pilegrimssenter

Det nye pilegrimssenteret i Selje prestegard vart offisielt opna i helga.

onsdag 30.06 2021

– Dette er framtida

Gründer Sindre Kvalheim og fylkespolitikar Terje Søviknes er over seg av begeistring over planane til SjømatStaden.

SjømatStaden lansert på Bryggja

Opning av stor oppdrettsatsing

Denne veka vart storsatsinga SjømatStaden lansert på Bryggja.

torsdag 24.06 2021

Sommarstengt trafikkstasjon

Ber om dialog med vegvesenet

Ein er framleis uroa over sommarstrengt trafikkstasjon på Nordfjordeid. No ber ordførar Alfred Bjørlo om dialogmøte mellom vegvesenet, vertskommunen Stad og næringslivsbrukarar av tenestene på trafikkstasjonen.

onsdag 23.06 2021

Fiksar ferie-kabalen med leik og moro

Dei fire første vekene i skuleferien arrangerar Haugen IL Klenkarberget sommarcamp for barneskuletrinnet. Til no er det 215 påmelde born som skal ta turen innom Klenkarberget.

fredag 18.06 2021

Lokale artistar har laga låt

Lokale artistar har laga og produsert den nye låten Hjartestad som kom ut fredag.

Her kan du følgje Stad kommunestyre direkte

Drikkevatnet frå Stadlandet vassverk skal klorast

I dag fredag set ein i gang kloring av drikkevatnet frå Stadlandet vassverk.

torsdag 17.06 2021

Unikt prosjekt ved Eid vgs.

Får vaksne innvandrarmenn i arbeid

– Målet har vore å få dei i arbeid. Det handlar om integrering – sysselsetting og inkludering i samfunnet, seier rektor Alf Reidar Myrstad ved Eid vidaregåande skule.

lørdag 12.06 2021

Meiner Okla-prosessen framstår som ein skinnprosessOkla-

- NVE og OED si avgjerd om å endre konsesjonen til Okla Vindkraftverk til å tillate meir omfattande inngrep i naturen enn i opprinneleg konsesjon, framstår som ein skinn-prosess, meiner ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.

fredag 11.06 2021

Bent Inge Borgund (SV):

– Eg er skeptisk

– Rekruttering er viktig, eit hovudtema for Stad kommune. Denne saka og mange andre saker er ein erkjenning av at vi ikkje har lukkast.

– Må gjere noko med fortaua i Myklebuståsen

– Det er ikkje tvil om at noko må gjerast med fortaua i Myklebuståsen, fastslår Hans Peter Eidseflot, einingsleiar kommunalteknikk i Stad kommune.

torsdag 10.06 2021

Myklebuståsen Vel

Vil skape ei levande velforeining

Oppgradering av fire leikeplassar står som førsteprioritet for det nyetablerte velforeininga i Myklebuståsen på Nordfjordeid.

tirsdag 08.06 2021

- Ei svært viktig avklaring for Nordfjordbrua

Arbeidet med ferjefritt samband mellom Sandane og Nordfjordeid er kome eit viktig steg vidare.

Lote

Bygdefolket fortvilar over oppdrettsplanar

– Vi ønskjer ikkje meir oppdrettsnæring utanfor Lotsstranda. Det held no!, seier bygdefolket på Lote.

lørdag 05.06 2021

Selje prestegard

Ny kafe lokka til seg mange

– Det har så å seie vore fullt sidan vi opna, strålar innehavar Kristina Leknesund Myrseth.

torsdag 03.06 2021

Ny rektor har takka ja til Selje skule.

No er det avgjort kven som blir ny rektor ved Selje skule etter Atle Solheim.

onsdag 02.06 2021

Neste veke kan alle mellom 55-64 bestille vaksinetime

- Frå neste veke av tek vi til med tilbod om koronavaksine til personar i prioriteringsgruppe 8, det vil seie folk flest i aldersgruppa 55-64 år, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune.

mandag 31.05 2021

No vert Stad forska på

Stad kommune, Nordre Follo, Tinkr og forskarar frå Telemarksforsking og Universitetet i Sørøst Norge skal samarbeide om eit prosjekt om samfunnsutvikling dei neste tre åra.

fredag 28.05 2021

For oss er lærlingane i helsefag svært viktige

– Stad kommune har i dag 10 lærlingar innan helsefag. Å stase på lærlingar er ein viktig del av rekrutteringsstrategien til kommunen, seier kommunalsjef Barbro Longva.

Sigve Espe Hunvik:

– God kjensel å kunne hjelpe

– Det er ei god kjensle å kunne vere til hjelp for dei som treng hjelp.

torsdag 27.05 2021

Draumen om eit småbruk utviklar seg

Dei drøymde om eit enklare liv – på bygda. No renoverer dei småbruk langs Nordfjorden og gler seg til dei kan flytte inn i det som skal bli ei perle med fantastisk utsikt.

onsdag 26.05 2021

Desse er klar for å gi barn og unge «tidenes sommar»

Stad kommune har fått tildelt 1.084.600 kroner som skal gå til å arrangere sommarskule, og no er det klart kva arrangørar som er med.

tirsdag 25.05 2021

Stad Molo er under stifting - møter stor velvilje

– Om vi ikkje skal ha Stad Molo vil det vere ein katastrofe, seier Sverre Leikanger, leiar i Stadlandet Bedriftsforening.

fredag 21.05 2021

Bebuarar fryktar ulykker - ber om nye fartshumpar

Bebuarar i øvre del av Melvegen på Nordfjordeid ber no om nye fartshumpar.

søndag 16.05 2021

Stadlandet

- Vi gler oss over utvikling!

Betre tilkomst til nedre Sjåstad industriområde på Stadlandet vert sett stor pris på.

lørdag 15.05 2021

Reagerer på Nyhammer-Taklo si uttale

fredag 14.05 2021

Grøn integrering

Felles hageglede gir grøn oase

Klasserommet har blitt gartneri. No skal det plantast grønsaker i pallekarmar i Badstupladsen i Eidsgata.

tirsdag 11.05 2021

Søkjarlistene er klare. Desse vil bli nye rektorar

Rektor på Selje skule skal slutte. Det same skal assisterande rektor ved Eid ungdomsskule. No er det klart kven som har søkt på dei ledige stillingane.

mandag 10.05 2021

– Vi er veldig skuffa

Den gjengrodde leikeplassen i Prestemarka får nytt liv, men på grunn av prioriteringar og korona tar det litt tid til før den står klar.

Kommunestyret om Kompetanse- og rekrutteringsplanen

– Viktig og god plan

Eit samrøystes Kommunestyret I Stad vedtok på sitt siste møte Kompetanse og rekrutteringsplan for 2021–2024.

Fekk fritak frå alle politiske verv

Therese Lien Smenes (Ap) vart på kommunestyremøtet 6. mai friteken frå alle folkevalde verv i Stad kommune ut valperioden.

Kommunestyret behandla årsrapport og årsrekneskap for 2020

– Ein god start for Stad

– Dette er ein god rapport som viser korleis fjoråret vart. Utfordringane har vore mange, omstilling og pandemi har prega året. Eg er imponert over innsatsen i alle ledd.

lørdag 08.05 2021

Så langt i år er det behandla 101 byggesaker i Stad kommune

Det er stor byggeaktivitet i Stad kommune. I løpet av dei fire første månadene i år har plan- og forvaltning i Stad kommune behandla 101 byggesøknadar.

Har mål om å heve standarden og ha effektiv drift på dei kommunale vegane

Eitt av strategiane i Vegteknisk plan for Stad kommune 2021–2024 er at ein skal legge til grunn samordna bustad-, areal- og transportplanlegging for ein meir effektiv infrastruktur med reduserte kostnader til drift og vedlikehald.

Må løyvast betydeleg meir midlar til kommunale vegar i Stad kommune

Har eit etterslep på 120 mill. berre på asfaltering

Det må løyvast betydeleg meir midlar til investering, drift – og vedlikehald for å få ein akseptabel vegstandard og for å hindre at etterslepet aukar. Dette inneber mellom anna 5–6 millionar kroner årleg til asfaltering og 2–3 millionar kroner til vegsikring.

torsdag 06.05 2021

Ungt firma lokkar til seg frå heile verda

Dei fleste tilsette i Stad Kystbygg på Stadlandet er heimflyttarar eller tilflyttarar.

mandag 03.05 2021

-Kan ikkje spare meir

– Det er ikkje så mykje meir ein kan klare å spare inn utan at det går ut over kvaliteten i skule og barnehage, seier Vigdis Heimdal Reksnes, leiar i Utdanningsforbundet i Stad.