AV: Anna K. Hellevang

I alt deltok ni skyttarar frå Haugen, og seks av desse er rekrutteringsskyttarar. Det vitnar om flott rekruttering i laget.

– Dette var veldig gøy, fortel Aurora Grinde som skaut 28 treff med 21 innertreff på 30 skot. Den gode skytinga kvalifiserte ho til feltfinale i klasse junior. Ho reiser med familien på fem, der søstera Linnea Grinde skaut 28/13 i klasse eldre rekrutt. Med ein treff meir, ville ho også ha skote finale.

Amanda Svoren Espe i rekruttklassa skaut sterkt på både bane og felt. Ho takla vind med finkalibervåpen og fekk 246p på bane før finalen torsdag ettermiddag. Med resultatet 28/7 på felten, blir det finaleskyting på ho også fredag.

Emilie Espe skaut 25/9 på felten og er klar til finale i rekruttklassa. Brødrene Thomas og Jonas Espe hadde også fine resultat, der Thomas fekk 239p på bane i eldre rekrutt og Jonas hadde 26 treff i klasse junior på felten.

- Eg er imponert over heile gjengen, seier Geir Lasse Espe, pappa til Amanda. Leiar i Haugen skyttarlag Bjørn-Inge Espe fortel at dei trena på feltfigurane før dei drog på LS, noko som bidrog til dei fine resultata.

Amanda Espe og til høgre Emilie Espe frå Haugen skyttarlag skyt begge feltfinalar i rekruttklassa på fredag på landsskyttarstemnet i Bodø. Til venstre er heiagjengen på plass Geir Lasse Espe og Linda Svoren, som er imponert over den gode skytinga til dottera Amanda og søskenbarnet hennar, Emilie. Her har dei to nett skote bane på tysdag der Amalie også kvalifiserte seg til finale. Foto: Anna K. Hellevang

Spennande samlagsskyting

Arve Halsteinslid i klasse V55 skaut 28 treff på felten. Han hadde ankeretappe på Nordfjord skyttarsamlag sitt veteranlag. Med 99p fekk laget totalt 398p og 6. plass, berre 1p frå bronse. På laget var også Magne Skårbø, Stadlandet, med 100p og Svein Hoem, Stryn, med 99p. På 3. etappe skaut Arild Fure frå Stryn imponerande 100p på 6 skot kne og 4 skot ligg.