Gode plasseringar på skiskyttarane frå Nordfjord

Fleire av skiskyttarane frå Nordfjord gjekk inn til gode plasseringar under søndagens fellesstart.

LERØY CUP: Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) var blant skiskyttarane som gjorde det godt under fellesstarten søndag.   Foto: Nordfjordteam/arkiv

Sport

På grunn av retningslinjer for smittevern er det Lerøy Cup for klassane 17 til 19 år i Karidalen på Østre Toten denne helga, medan Lerøy cup for senior og junior er på plass ved Hummelfjell Tos Arena, Os i Østerdalen. Begge stadar er det lokale skiskyttarar med, og fleire har gjort det godt.