Sesongdebuterte med fleire pallplassar

Søndag 2. januar sesongdebuterte dei lokale langrennsløparane då Ullsrennet gjekk av stabelen.

Dei lokale langrennsløparane gjekk sitt første renn for sesongen då dei stod på start i Ullsrennet. Der vart det mange gode tider og plasseringar, og mykje skiglede. Her er Malene Nes Hjelle, bak kjem Ronja Haughovd og Agnes Bjelland Nøstdal.   Foto: Privat

Sport

Søndag var det klart for det første rennet for dei lokale langrennsløparane denne sesongen. Dei var på plass på Ullsheim og stod på startstreken under Ullsrennet 2022, som både var det første rennet i SSF Cupen og krinsmeisterskap i friteknikk for junior – og seniorløparane.