Spelte jamt mot nummer to på tabellen

Søndag ettermiddag tok Eid imot Syril heime i Eid idrettshus i det som vart ein jamn og spennande kamp.

NYTT LAG: Eid sitt kvinnelag har sett saman eit heilt nytt lag denne sesongen, og spelargleda er stor.   Foto: olin maria yri

Sport

Søndag spelte Eid sin siste kamp i 2021 då laget tok imot Syril heime i Eid idrettshus. Sist dei to laga møtte kvarandre var i oktober og då var det også ein jamn kamp og til pause stod det 6–7 til Eid. I andreomgang snudde Syril kampen og vann til slutt 19–12.