Andrine topp 20 i europacupen

Andrine Englund Mårstøl vart beste norske alpinist då ho vart topp 20 i europacupen søndag.

SKI: Andrine Englund Mårstøl har vore skadd i sesongoppkøyringa, og har ikkje fått stått på ski så mykje. No er sesongen i gong, og ho håpar på å vere i god form mot slutten av sesongen.   Foto: PRIVAT

Sport

Europacupen er i gong, og blant dei norske som står på startstreken denne sesongen er Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL). Andrine har vore skadd i oppkøyringa, og fekk grønt lys rett før sesongstarten var eit faktum. I dei to første renna som gjekk av stabelen i Austerrike vart ho nummer 43 og 45, medan ho køyrde ut i andre omgang i det tredje.