Konkurrerte som senior

Magnus Skeide Bakke og Ask Haughovd stilte til start i seniorklassa under Lerøy Cup.

LERØY CUP: To skiskyttarar frå Stårheim IL og Eid IL stilte i seniorklassa under Lerøy Cup på Geilo.   Foto: privat

Sport

Denne helga gjekk Lerøy cup 1 av stabelen på Geilo skistadion. Dette er det første rennet for skiskyttarane som går Norgescupen for senior denne sesongen. Blant dei lokale skiskyttarane var det to som stilte til start. Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) og Ask Haughovd (Stårheim IL) stilte til start for første gong som seniorar i Lerøy Cup.