Tok medalje i NM

NM på Ørlandet gjekk i helga av stabelen og blant skyttarane som deltok var Johanna Reksten. Skyttaren frå Lote tok medalje i Mix.

KONKURRERTE: Johanna Reksten (Kisen MSL) deltok i helga I NM på Ørlandet. Der vart det mellom anna ein sølvmedalje og ein fjerdeplass.   Foto: privat

Sport

Denne helga har NM gått av stabelen på Ørlandet, der dei beste skyttarane i landet har deltatt. Blant dei er Johanna Reksten frå Lote i Stad. Der vart det mellom anna ein sølvmedalje i mix på Johanna, som ho er godt fornøgd med.