Klart for sesongstart

– No vil eg seie at eg er ganske mykje betre

Skiskyttaren Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim har fått trena godt dei siste månadane og er i bra rute til sesongstart på Sjusjøen til helga. Då skal han konkurrere mot dei etablerte landslagsutøvarane. – Eg er veldig fornøgd med forma akkurat no. Det går veldig fort i sporet, seier han.

LAGET: Johan-Olav Smørdal Botn trivst godt på laget Team Mesterbakeren, der han i år er ein del av elitelaget.  Foto: Emil Nyeng

Sport

Ute har det vore rundt ti grader den siste tida, både sol og regn og lite snøflekkar i fjellet å spore. Det har eigentleg ikkje vore mykje som tyder på at det nærmar seg sesongstart på Sjusjøen – med stormskritt. Helga 12.–14. november brakar det laust. Då står dei beste skiskyttarane i landet på startstreken igjen. Ein av dei som gler seg er Stårheimaren Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Mesterbakeren).