Sluttspelet i Kretsligaen

– Som lag er vi bra, og heilt på høgde med dei i periodar

Sluttspelet er over, og det er no klart at storfavorittane Førde går av med sigeren i Kretsligaen og rykker opp. Eid tek andreplassen.

KRETSLIGAEN: Kretsligaen: Laurdag skulle det heile avgjerast då Førde og Eid møttest til kamp nummer to av to i sluttspelet. Her frå den første kampen mellom Eid og Førde på Eid idrettspark.  Foto: OLIN MARIA YRI

Sport

Sluttspelet i Kretsligaen har dei siste vekene gått av stabelen, og laurdag var det klart for returkampen mellom Førde og Eid på Hafstadparken i Førde der kampen om 1.-plassen og 2.-plassen i årets serie skulle avgjerast.