God innsats - men nytt tap for Eid

Eid spelte sin sjette kamp for sesongen, og gjekk på eit nytt tap.

Eid tok imot Årstad laurdag, og det var mykje bra å ta med seg for det unge laget trass i tap.   Foto: OLIN MARIA YRI

Sport

Årets serie i 3. divisjon menn er godt i gong, og laurdag ettermiddag var det klart for Eid sin sjette kamp. Eid stiller denne sesongen med eit ungt og heilt nytt lag, der fem av spelarane hadde sin første kamp for herrelaget i sesongopninga mot Sogndal. Det har ikkje blitt siger enno for herrelaget, som også har spelt mot Sotra 2, Stord 2, Askøy og Gloppen.