Tatt ut på landslaget

Johanna Reksten frå Lote er offisielt tatt ut på Skyttarlandslaget 2022.

SKYTTAR: Johanna Reksten er i år igjen tatt ut på landslaget.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

No er det offisielt kven som vert tatt ut på Skyttarlandslaget 2022. Totalt 44 skyttarar har fått plass på landslaget komande sesong, i tillegg er det ni skyttarar i tre ulike treningsgrupper og ni hospitantar til Skyttarlandslaget UNG. Det kan kome endringar ut over hausten, og utøvarar kan også bli flytta mellom dei ulike gruppene gjennom sesongen, melder skyting.no.