Kunne sikra gruppesiger - tapte i Vik

Eid kunne sikre gruppesigeren mot Vik i helga, men gjekk i staden på eit 2–1 tap på bortebane.

TAP: Eid spelte i helga borte mot Vik og gjekk på sitt andre tap for sesongen. Her frå då laga møttest på Eid stadion tidlegare i sesongen.  Foto: tormod flatebø

Sport

Med siger mot Vik i helga hadde Eid sikra gruppesigeren i Kretsligaen avd. 1, slik vart det ikkje og Eid gjekk i staden på sitt andre tap for sesongen. Det var Dag Einar Bøtun som scora det første målet i kampen etter 21. minutt og Vik gjekk opp i 1–0 leiing. I det 45. minuttet fekk Vik straffe og den sette Idar Holen i mål, og sørga for at Vik leia 2–0 til pause.