Gir seg etter 20 år – nytt styre på plass

Etter 20 år i Eid Idrettslag gir Roald Hanssen seg som leiar. No er det klart for ny leiar og nytt styre.

ENDRINGAR: Det er endringar i Eid Idrettslag, og det gamle styret og leiar Roald Hanssen (t.v.) takkar av. Den nye leiaren er Ståle Sandal (t.h.) som har med seg to nye i styret.  Foto: olin maria yri

Sport

Då Roald Hanssen kom til Nordfjordeid gjekk det ikkje lenge før han i 2001 fekk spørsmål om å vere med i styret i Eid Idrettslag. Det takka han ja til, han var ny og dette var ein måte å treffe litt folk på. No 20 år seinare, takkar han av som pensjonist, og gjev pinnen vidare til ein ny leiar og nytt styre.