Håkon Aabrekk og Rolf Salveson har jobba med eit prosjekt om fotballkulturen:

– Kanskje får vi eit komplett arkiv

Håkon Aabrekk og Rolf Salveson har jobba med eit prosjekt om fotballkulturen på Nordfjordeid mellom 1962 og 1977. – Det vi har fått fram, vil gjere at Eid fotball har noko i arkivet sitt.

FOTBALLEN PÅ EID: Rolf Salveson og Håkon Aabrekk har jobba med eit prosjekt som tar for seg A-laget til Eid Fotball på 1960 og 1970 talet.   Foto: olin maria yri

Sport

Håkon Aabrekk og Rolf Salveson har jobba med eit prosjekt som tek for seg fotballkulturen på Nordfjordeid på 1960 og 1970-talet. Meir nøyaktig ein 15.-års periode mellom 1962 og 1977. Hovudmålet var å finne ut og dokumentere kva spelarar som spelte kvar sesong på A-laget til Eid mellom 1962 og 1977, kven scora og kva vart resultata i kampane.