Slo både Johannes Dale og Johannes Thingnes Bø

Johan-Olav Smørdal Botn tok sølv i NM

Johan-Olav Smørdal Botn gjekk inn til sølv under fellesstarten i NM i rulleskiskyting. Han slo både Johannes Dale og Johannes Thingnes Bø som vart nummer tre og fire.

Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Mesterbakeren) tok søndag sølv under fellesstarten i NM i rulleskiskyting. Her frå i går.   Foto: Nordfjord team Stryn Energi

Sport

NM i rulleskiskyting går av stabelen på Lillehammer denne helga, og laurdag var det sprint. Då vart det ein bronsemedalje til Stårheim. Linnea Melheim Espe (Stårheim IL/Stryn vgs.) vart nemleg nummer tre i klasse K18 med fullt hus på dei to skytingane.