Lokale skiskyttarar skal konkurrere om NM-medalje

Laurdag går rulleskiskyting av stabelen på Lillehammer, og fleire lokale utøvarar står på startstreken.

kan ikkje gje opp: Trass mangel på snø og lite konkurransar i sikte på grunn av korona, legg Kasper Mundal (t.v.) og Ask Haughovd ut på landevegen med rulleski opp til fem dagar i veka. Men effekten er ikkje den same som når ein får snø under skia, og no håpar dei på betre tider både i høve til kvit nedbør og meir opning for konkurransar. På føremiddagen 4. juledag var dei snart ferdige med treningsturen gjennom Remmedalen og Hjelmelandsdalen. 

Sport

I helga går NM i rulleskiskyting av stabelen på Lillehammer med både sprint og fellesstart på programmet. Der skal nokre av dei beste skiskyttarane i landet stå på startstreken, som mellom anna Johannes Thingnes Bø (Markane IL), Tarjei Bø (Markane IL), Sturla Holm Lægreid (Bærums Skiklub) Tiril Kampenhaug Eckhoff (Fossum IF), Marte Olsbu Røiseland (Froland IL) og Ingrid Landmark Tandrevold (Fossum IF).